Sjølv om Ylinn har hjartet sitt i vest, vil ho likevel kjempe for å ta gullet frå rivalane

Ylinn Tennebø (21) frå Holvik utanfor Måløy er spenn klar for sin første cupfinale med Vålerenga. Og sjølv om ein finale er stort i seg sjølv, er det meir enn berre edelt metall som står på spel når aust møter vest komande søndag.

Klar for finale: Søndag er det duka for storoppgjer mellom aust og vest når Ylinn Tennebø og Vålerenga møter Sandviken til cupfinale på Ullevaal Stadion. I bakgrunnen kaptein Stine Ballisager Pedersen.   Foto: Ingvild Isaksen, Vålerenga

Sport

I fjor imponerte Vålerenga alle då dei sikra seg sine første gull, både i cupen og serien på ein og same sesong. Men då ambisjonane for å gjenta «the double»-suksessen i år no ikkje lar seg innfri, handlar det i stor grad om å sørge for at søndagens finalemotstandar Sandviken, heller ikkje får denne gleda.