Gjekk glipp av førsteplass og opprykk: – Men det er ein prestasjon å bli nummer to

Eid hadde eit dårleg utgangspunkt frå start då dei møtte Førde på bortebane. Det vart ikkje tabelltopp, men trenaren er likevel nøgd med andreplassen og sesongen.

Eid gjekk ikkje til toppen denne sesongen. Her frå ein tidlegare kamp mellom Eid og Førde.  Foto: Stig Høynes (Arkiv)

Sport

Det måtte både siger og ein målfest til om skulle Eid, som låg tre poeng bak Førde på tabellen, skulle rykke opp til 3. divisjon. Då Førde fekk sin første ball i nettet i kampen sitt sjette minutt, måtte Eid ha scora fem mål for å ha sjanse til å ta førsteplassen. Det skjedde ikkje.