Skal kåre århundrets fotballspelar, og, ja, det er lokale namn på lista

I 2021 skal Sogn og Fjordane fotballkrets i samarbeid med NRK Vestland kåre hundreårets utøvar i Sogn og Fjordane. Isak Arne Refvik er blat dei 12 du kan stemme på.

I 2021 skal Sogn og Fjordane fotballkrets i samarbeid med NRK Vestland kåre hundreårets utøvar i Sogn og Fjordane. Isak Arne Refvik er blat dei 12 du kan stemme på. Bildet er tatt under eit fotballforedrag på Parken kulturhus i 2019.  

Sport

– Vi vil dra fram gamle og nye heltar, og dvele litt med desse. Alle profilar i si tid, viktige i klubben, viktige for kretsen, og kanskje for Norge, men kven var best? skriv kretsen på si heimeside.

NRK Vestland presenterer ein utøvar kvar dag frå 1. november, og totalt er 12 utøvarar nominert til prisen.

Når presentasjonane er vel gjennomført, kan alle vere med og stemme på sin favoritt.

Dei nominerte er:

Kandidat 1 : Jostein Flo

Kandidat 2: Margunn Humlestøl Haugenes

Kandidat 3: Isak Arne Refvik

Kandidat 4: Eirik Bakke

Kandidat 5: Frode Grodås

Kandidat 6: Even Hovland

Kandidat 7: Sigmund Øren

Kandidat 8: Azar Karadaş

Kandidat 9: Elise Torsnes

Kandidat 10: Knut "Bossen" Osnes

Kandidat 11: Tore Andre Flo

Kandidat 12: Svein Bakke

Vinnaren blir offentleggjort under jubileumstinget i Førde 27.–28. november.