Scora i debuten då Norge sabla ned Albania i VM-kvalifiseringa: – Det er ein barndomsdraum

Vilde Hasund frå Åheim fekk torsdag sin debut med flagget på brystet då Norge slo Albania 7-0 borte i den femte kvalifiseringskampen til VM i 2023. Ho takka for tilliten med å score sitt første landslagsmål etter berre eitt minutt på bana.

Scora: Vilde Hasund frå Åheim scora i landslagsdebuten under torsdagen bortekamp mot Albania.   Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT

Sport

Hasund var bytta inn etter 80 minutt på stillinga 0–5 då ho erstatta tomålsscorar Frida Leonhardsen Maanum.