Og juble gjorde også Rolf Lefdal, Ståle Sandal, Eivind Alsaker og Sveinung Alværn i Speakerbua.

Det var Stryn som kom best i gang i 16. mai-kampen på Nordfjordeid. Etter sju minutt scora Sigurd Fotland Fænn for gjestane.

Første omgang gav dei mange frammøtte på Eid stadion mange sjansar til begge lag, duellar og gule kort, men resten av omgangen var mållaus.

I løpet av ti minutt i andre omgang scora heimelaget ved Ove Andre Balsnes på to straffer til ellevill jubel på tribunen og kampen var snudd.

På overtid sørga Joakim Frislid Vedvik for at spelarar og russen kunne sleppe jubelen laus.

Straffescorar Ove Andre Balsnes fekk ein god klem frå Eid-trena Dan Jøran Hafsås etter kampen. Foto: Marianne S. Rotihaug