Tornado Måløy (TMFK) var favoritt mot botnlaget Høyang, og hadde nok ikkje den største motivasjonen. Men tetlaget frå Vågsøy kontrollerte det heile i mål, og slo sognelaget kontrollert 2-0.

Tornado Måløy dominerte første omgang mot eit svært så ungt Høyang-lag. Men dei hadde ikkje marginane på si side framfor mål.

Først eit kvarter ut i andre omgang fekk dei løn for strevet. Toppscorar Sveinung Frantzen heada ballen i mål etter 60 minutt, og laga dermed sitt mål nummer 16 i år på elleve kampar!

Eit kvarter seinare putta Gisle Myhre på til 2-0.

All den tid Stryn spelte uavgjort 2-2 heime mot Jølster, og Årdal tapte borte mot Dale, leiar Tornado Måløy no 3. divisjon med solide 7 poeng føre Årdal og Eid.

Les alt om kampen i sporten i papirutgåva måndag 28. juni.