Dermed klatra gultrøyene på tabellen, og med ein kamp meir spelt enn dei andre på tabellen, så er dei på tredjeplass med 24 poeng, det same som Årdal, men med dårlegare målforskjell.

Stryn har 24 poeng på fjerdeplass med 22 poeng. Dermed er det desse tre laga som saman med Tornado Måløy, som toppar tabellen med 28 poeng, som utgjer ei tetgruppe i 3. divisjon.

Eid starta best mot Fjøra med scoring av Thomas Starheim som ekspederte ein corner i mål etter seks minuttar.

Sju minuttar før pause scora Chirstoffer Hafsås, og dermed kunne Eid gå til pause med tomålsscoring.

Fire minutt etter pause hadde Fjøra ballen i mål, men scoringa vart annullert for offside.

Fjøra scora fire minuttar på overtid etter ein kraftig sluttspurt. Men alt i alt: var det ein fortent siger til Eid som har hatt ei stigande kurve i vår.

Følg med i sporten i papiravisa.