Men det var gjestane frå ytre som kom best i gong. Sofie Verpeide Rimstad og Måløy sette kveldens første etter 27 minutt på Eid idrettspark. Sju minutt seinare utlikna Lisa Skarstein for vertane, før Andrea Vedvik førte heimelaget i leiinga like før laga gjekk til pause.

Men dei gulkledde hadde framleis meir å gje, og Lise Skarstein sette inn lagets tredje for dagen eitt minutt på overtid i førsteomgang.

Etter kvilen fekk Måløy-laget ei redusering då Eli Sofie Seim Skjølberg reduserte etter 51 minutt. Men det ville seg ikkje for laget som trass iherdig innsats mot slutten av kampen måtte reise ut igjen til kysten utan poengfangst, og med ein sisteplass på tabellen som resultat etter fredagskvelden i midtre.

Kampfakta:

3. divisjon, kvinner Eid – Måløy 3–2 (1–1)

Mål: 0–1 (27) Sofie Verpeide Rimstad, 1–1 (34) Lisa Skarstein, 2–1 (45) Andrea Vedvik, 3–1 (45+1) Lisa Skarstein, 3–2 (51) Eli Sofie Seim Skjølberg

Dommar: Ruben Petersen Heggen, Heia

Eid: I. Lador Sanden, L. Stokke Lillestøl, A. Engeseth Naustdal, P. Leirgulen Kullsveen, T. Sigdestad Lund, M. Skeistrand, A. Vedvik, A. M. Challen, M. Myrold Haavik, J. Felde, E. Skrede Anderson

Innbytarar: M. Solheim, J. Hagen Henden, L. Skarstein, I. Balsnes

Måløy: S. Torheim Andal, L. I. Romuld Hagen, A. Lillenes Kvalheim, E. Gjerde Skavøypoll, M. Håvik Melheim, E. Torheim Andal, C. A. Yuson Nygård, E. S. Seim Skjølberg, H. Marjavara Inselseth, R. Apneseth, S. Verpeide Rimstad

Innbytarar: M. Solvang, K. Runderheim, A. Drabløs Almenning, S. B. Solibakke, E. Farstad Hennøen