FOTBALL (G14 Tornado Måløy - Rollon 7-4): Det blei mange mål begge vegar då TMFK møtte Rollon i 32-delsfinalen i A-sluttspelet i 7'er-fotball onsdag. Men TMFK vann komfortabelt.

Laget klarte 2. plassen i gruppa etter ein siger, eit tap og ein særdeles tett og uavgjort kamp mot Vålerenga tysdag. Det resulterte i A-sluttspel med minst mulig margin.

Målmaskiner

Det er radarparet Jonas Våge og Christoffer Nore som har putta mest for TMFK på Norway Cup i år.

- Eg trur eg har ni mål, mens Christoffer har åtte, seier Jonas Våge som scora tre mål mot Rollon på det vanskelige underlaget onsdag.

I tillegg la han opp til eit av Christoffer sine mål mot Ålesundklubben Rollon.

Minkande overskudd

Måløy-laget hadde lave skuldrar mot Rollon. Mandag var det imidlertid meir drama då dei tapte mot Hegra, og tysdag då dei redda eit poeng mot Vålerenga.

- Det var ein nervepirrande kamp, men vi klarte å halde det inn, seier Christoffer.

Det kosta litt krefter som TMFK-spelarane kjente godt onsdag morgon.

- Eg er meir sliten i dag enn eg var i går, seier Jonas.

Og stillinga utover i kampen var prega av TMFK-spelarane sitt minkande overskudd. Det sto nemlig 5-0 til pause.

- Vi hadde god kontroll likevel, forsikrar målmaskinene.