No skal turngruppa i idrettslaget, som blei oppretta som Moldøen Turn og Idrætsforening i 1910, og har drive med troppsgymnastikk og frittståande, bli ei reindyrka cheerdancegruppe.

– Dette er spennande og motiverande både for dansarane og trenarane, seier trenar Lone Myhre Skavøypoll om den nye identiteten til MIL turn.

– Vi treng å tenke nytt og har lyst til å prøve noko heilt anna. Vi ønsker å tilby noko som ikkje har vore i vårt område før, seier Myhre Skavøypoll.

Cheerdance har sitt opphav frå USA, noko som gjer at det blant anna blir endring på namna til troppene. No kjem det ikkje til å vere 1. klasse og 2. klasse lenger.

– Nei, aldersgruppene får no namn som for eksempel Angels, Galaxy og Diamonds. Det synest vi berre er kjekt og stilig, seier Myhre Skavøypoll, som gler seg til at MIL Cheer får ein klarare identitet og at fleire skal få oppleve kor kjekt det er å drive med.

– Vi ser at vegen vår er dette. Vi vil satse på noko heilt eige. Og vi håper at folk synest det er kjekt med eit nytt tilbod som gir meir variasjon og mangfald i lokalsamfunnet.

Her er troppen og trenarane på inspirasjonstur til NM 2022 i Oslo Convention Center. Foto: privat

Får heilt ny identitet

MIL turn blir dermed MIL Cheer, og logoen er under arbeid.

– Vi har ei prosjektgruppe utanfor styret som jobbar med nyprofileringa og omstruktureringa, og vi skal bruke tida framover og sommaren for til å få alt på plass.

Med seg i prosessen har dei med seg turneldsjel Torill Eide Tennebø.

– Vi set ekstra stor pris å ha med Torill som bidreg med kompetanse og mange års erfaring i MIL, seier ho.

MIL Cheer kjem også til å melde seg inn i Norges Amerikanske Idretters Forbund (NAIF), men vil framleis vere ein del av Norges Gymnastikk- og turnforbund (NGTF).

På denne måten vil dei unge dansarane framleis kunne delta på stemne i området.

Såg at dei måtte endre seg

Det er fleire grunnar til at styret i turngruppa ser behovet for fornying. Som mange andre idrettslag miste dei ein del medlemmar under koronapandemien.

– Vi har også i ein periode gått litt vekk frå tradisjonen i MIL turn med troppsgymnastikk, og hatt meir og meir innslag av dans i turnen. Vi ser at dette er det rette å reindyrke for framtida, forklarer prosjektgruppa.

Sjølv om ein lang tradisjon med turn i idrettslaget dermed får sitt endelege punktum, meiner Myhre Skavøypoll at dette er ein vinn-vinn-situasjon for lokalmiljøet med eit nytt og friskt aktivitetstilbod.

Cheerdance pom

MIL turn har dei siste par åra drive med cheerdance, som er ei retning innan cheerleading. Her har dei ein tropp på ti dansarar som allereie har eit høgt nivå, og som synest det er kjempekjekt å danse.

– I første omgang satsar vi på det som heiter cheerdance pom. På denne måten låser vi oss ikkje til noko, men kan utvide til andre kategoriar dersom vi ønsker, for eksempel cheerdance hiphop.

Mens ein forbinder vanleg cheerleading med kast og pyramidar er fokuset i cheerdance pom på synkronitet, hurtigheit og flyt. Det er dans, turnelement og triks i rutinane med element som spark, hopp, piruettar og leaps, og dans med duskar.

– Det blir veldig spennande framover, og barn og ungdom frå Kinn, Stad og Bremanger kommune er velkomne til å bli medlemmar i MIL Cheer, seier Myhre Skavøypoll.

Kan starte som førsteklassing

Tilbodet vil vere eksklusivt med avgrensa plassar og påmelding. Dette har med trenarkabalen å gjere. Trenarane som er på plass no er Lone og Vilde Myhre Skavøypoll, Stine Bøe, dansarar frå seniortroppen og eit par andre dansarar.

– I tillegg blir det eit konkurransetilbod for dei eldste i den troppen vi har no, der vil det ikkje vere mogeleg å melde seg på sidan dei allereie har trent i nokre år og har eit høgt nivå. Så didan denne troppen konkurrerer på seniornivå, vil det her vere uttak dersom nye ønsker å vere med, seier ho.

Cheerdance pom blir eit tilbod til barn og unge frå første klasse og opp til og med vidaregåande skule.

MIL Cheer opnar for påmelding 1. mai og satsar på å vere klare med alt frå hausten 2022.

Cheer pom blir den nye identiteten til troppen og MIL Cheer. Foto: Seline Larsen