Våre tre lokale lag skal alle i aksjon klokka 15.00 laurdag, og i eitt av oppgjera er det duka for Nordfjord-derby når Måløy tek imot Eid heime på Skavøypoll stadion. I denne kampen er det mest av alt æra det handlar.

Eid er nemleg sikra ein fjerdeplass og kan verken bevege seg oppover eller nedover på tabellen. For Måløy sin del har også kampen mindre å bety då dei er sikra plassen i Kretsligaen for neste år.

Denne kampen kan du sjå direkte på fjt.no

Men laget vil sjølvsagt gjere det dei kan for å ikkje ende lenger nede på tabellen. Per dags dato ligg laget på ein åttandeplass på tabellen med 17 poeng. På dei fire plassane bak dei ligg Vik, Studentspretten, Bremanger og Jølster med høvesvis 17, 16, 16 og 14 poeng.

PlassLagKamperVUTMålDiffPoeng
1Årdal211731103 - 208354
2Sogndal 2211632103 - 228151
3Fjøra21154288 - 276149
4Eid21142552 - 411144
5Stryn2195783 - 513232
6Høyang21821140 - 74-3426
7Førde 221621347 - 55-820
8Måløy21451231 - 63-3217
9Vik21451222 - 72-5017
10Studentspretten21441337 - 76-3916
11Bremanger21441327 - 68-4116
12Jølster21351323 - 87-6414

Alle utanom Jølster kan i teorien gå forbi Måløy-laget. Men når Vik og Studentspretten møter dei to laga som kjempar om gull, Årdal og Sogndal 2, så er det lite truleg at det blir poengfangst til dei to laga under Måløy på tabellen, sjølv om det har skjedd større under i fotball.

Det laget som skal ha størst sjanse til å gå forbi Måløy, er det laget det er knytt mest spenning rundt i helgas runde, nemleg Bremanger. Dei møter Stryn heime, og vil med poeng sikre seg fornya kontrakt i divisjonen. Om det blir tap for Måløy og siger for dei raude, vil også Bremanger gå forbi naboane på tabellen.

Men, Bremanger kan også hamne på sisteplass og med det stå i fare for å rykke ned. Det skjer om Jølster tar tre poeng heime mot Høyang samtidig som om Bremanger taper.

Laget som kjem på sisteplass i Kretsligaen, skal spele kvalifisering mot laget som kom på andreplass i 5. divisjon, nemleg Kaupanger.