Først ut er våre tre lokale lag i Kretsligaen, Bremanger borte mot Vik, Måløy heime mot Jølster og Eid heime mot Førde 2.

Førre helg imponerte Tore Rylandsholms menn mange då dei vann heile 4–1 mot Måløy heime på Hauge. Sigeren dei fekk då gjer at laget ligg trygt plassert på ein åttandeplass på tabellen før laurdagens oppgjer borte mot Vik. Vik ligg før kampen på ein tiandeplass på tabellen.

Måløy skal denne helga ut i noko so kjedeleg som eit botnoppgjer heime på Skavøypoll stadion. Dei tek imot Jølster som ligg på sisteplass på tabellen, rett bak dei marineblå frå Nordfjord. Med tap på eige kunstgras, vil Måløy og Jølster ha like mange poeng (10) men med betre målforskjell vil truleg Måløy ha plassen framfor dei på tabellen uansett om dette blir tilfelle. Denne kampen kan du sjå direkte på fjt.no på laurdag.

Eid skal søndag til Førde for å møte sunnfjordbyens andrelag, Førde 2. Eid ligg i dag på ein fjerdeplass på tabellen, berre eitt poeng bak laga på andre- og tredjeplass. Høvesvis Sogndal 2 og Fjøra. Teoretisk sett kan derfor laget frå Nordfjordeid kome på ein andreplass om Sogndal 2 og Fjøra taper sine kampar. Dei møter Studentspretten og Høyang.

Søndag er det nok ein heimekamp på Skavøypoll stadion, men denne gangen er det klubbens lag i 3.-divisjon som skal i aksjon. Dei møter Balestrand, og vil med siger vere utan tap så langt i haustsesongen. Lagets to kampar før denne enda 2–0 heim mo Syril og 0–4 borte mot Bjørn.

Parallelt med denne kampen er det også eit oppgjer i 4.-divisjon. Samarbeidslaget Åheim/Selje tek nemleg imot Bergsøy heime på Selje idrettspark. Førre helg gjekk laget på sitt første poengtap for sesongen då dei spelte 3–3 borte mot Stranda. Laget er likevel suverene på topp i divisjonen, og står med 19 poeng på sju kampar så langt. Sist dei møtte Bergsøy enda det med 6–4 siger.

Søndag skal også Selje sitt lag i 5. divisjon i aksjon. Dei møter Førde 3 borte, laget som ligg rett over dei på tabellen på ein fjerdeplass. Sist helg klarte Selje å krige til seg eitt poeng heime mot Kaupanger, mykje takka vere ein god innsats frå sisteskanse i buret, Kevin Sjøberg.