Berre seks poeng skil dei seks svakaste laga i Kretsligaen, noko som betyr at det framleis er ope når deg gjeld kven som kan måtte spele kvalifisering om å berge plassen i divisjonen.

Eitt av desse laga er Bremanger, som laurdag klokka 14.00 møter Høyang heime til kamp om viktige poeng. Førre kamp for Bremanger enda med eit kanskje uventa 4–0-tap borte mot laget som ligg på plassen bak dei på tabellen med like mange poeng (16), nemleg Studentspretten. Helgas motstandar, Høyang, ligg to plassar føre Bremanger på tabellen med 22 poeng, og er derfor sikra ny kontrakt i divisjonen uansett resultat. Bremanger har med andre ord meir å spele for.

Rundens andre kamp er Studentspretten – Eid laurdag klokka 15.00. Bortelaget frå Nordfjordeid ligg i dag på ein fjerdeplass på tabellen med 41 poeng, ti poeng føre Nordfjord-rival Stryn. Med berre tre kampar igjen å spele, kan ikkje eidarane kome lågare på tabellen, og vil derfor vere best i Nordfjord uansett kva som skjer. Men det er likevel mogleg å klatre om laga føre dei på tabellen, Sogndal 2 og Fjøra – begge med 45 poeng, ikkje gjer jobben sin dei tre siste kampane.

Søndag klokka 13.00 er det klart for ein annan svært viktig kamp, nemleg Måløy – Førde 2 på Skavøypoll stadion. Måløy tok grep førre helg og sikra seg tre viktige poeng mot Vik. Laget har med sigeren då 14 poeng, tre meir enn Jølster på sisteplass. Og om ting går vegen for Måløy også denne helga, kan laget i teorien enda på ein åttandeplass etter denne runden, føresett at Bremanger taper mot Høyang, og at Eid slår Studentspretten.

Denne kampen sender vi direkte på fjt.no.

Samtidig som Måløy skal kjempe om viktige poeng, skal samarbeidslaget Åheim/Selje i aksjon på Selje idrettspark. Laget er allereie sikra seriemeisterskapen i 4. divisjon, og er så langt ubesigra i divisjonen. Søndagens motstandar Hareid ligg på ein tredjeplass på tabellen med 11 poeng. Åheim/Selje har 28.

Etter denne er det Selje sitt lag i 5. divisjon sin tur. Dei møter Hafslo borte til den nest siste kampen for sesongen, og ligg per dags dato på ein femteplass på tabellen. Laget kan heller ikkje hamne lågare, då dei med sine 27 poeng, ikkje kan bli tatt igjen av laget bak dei på tabellen, Syril, som har 14. Selje kan framleis klare å stige eitt hakk på tabellen, mellom anna om laget føre dei, Førde 3, gir frå seg poeng i sine to siste kampar. Førde 3 har i dag 32 poeng.

Den siste kampen denne helga er Bjørn mot Eid i 3. divisjon. Av fem laga i denne avdelinga, ligg Eid så langt på ein fjerdeplass med fem poeng. Søndagens motstandar, Bjørn, ligg på sisteplass med null poeng. Med siger kan Eid klatre forbi Syril som har spelt ein kamp meir.