Dei om lag 100 tilskodarane fekk sjå ein fartsfull og sjanserik kamp på Måløy stadion.

Det var bortelaget som starta kampen klart best, og allereie etter eit drygt minutt sette Høyang-spelar, Benjamin Ramsli, ballen bak Måløy sin keeper Trond Eide Tennebø.

Dette såg ikkje ut til å tenne heimelaget, og i løpet av dei neste ti minutta hadde Høyang tre store sjansar til å auke leiinga.

Men utover i omgangen vakna heimelaget, og spelte seg fram til fleire store sjansar.

Nærmast scoring for heimelaget i 1. omgang var Marko Ntontai Or Dodaj som dunka ballen i tverrliggaren knappe halvtimen ut i 1. omgang. Returen sette Espen Sandal like utanfor frå svært god posisjon.

I starten av 2. omgang surra Måløy det til for seg sjølv i eige forsvar. Ved to høve utnytta Høyang sin storscorar, Joakim Sjøthun Måren, feil i Måløy sitt forsvar.

Begge gongane plasserte Sjøthun Måren ballen sikkert bak ein sjanselaus Trond Eide Tennebø.

Men Måløy gav seg ikkje trass i at dei låg tre mål bak med halvtimen igjen å spele.

Laget spelte seg fram til fleire store sjansar, og Høyang kan takke sin gode keeper Kristian Raae Johansen for at Måløy ikkje scora på dei mange sjansane. Ti minutt før slutt reduserte Fridjon Mortensen for Måløy til 1–3.

Fridjon Mortensen scora Måløy sitt mål i kampen. Foto: Stig Høynes

Mortensen breisida enkelt ballen i mål frå 5-meteren, etter eit flott innlegg frå Markus Tvendeseter Kupen.

Fleire scoringar blei det ikkje i kampen, og Høyang kunne juble for tre viktige poeng i botnstriden i Kretsligaen.

Trenar for Måløy, Erik Sandal. Foto: Stig Høynes

Måløy ligg etter dagens tap på 10.-plass i Kretsligaen, med seks poeng på sju kampar.

I neste serierunde skal Måløy møte Vik på Vik Stadion laurdag 4. juni.

I dei andre kampane i Kretsligaen i dag vann Stryn 4–1 borte mot Studentspretten, og Vik spelte uavgjort 1–1 heime mot Jølster.

Kampfakta:

Måløy – Høyang 1–3 (0–1)

0–1 Benjamin Ramsli Lyeng (2. min)

0–2 Joakim Sjøthun Måren (55. min)

0–3 Joakim Sjøthun Måren (61. min)

1–3 Fridjon Mortensen (80. min)

Dommar: Andreas Ytredal Akse (Hyllestad IL)

Assistentdommarar: Muhamet Barlla, Eid og Astrid Solheim Kiil, Førde

Gult kort: Christoffer Nore og Markus Tvendeseter Kupen, Måløy

Benjamin Ramsli Lyeng og Sander Stølen Olsen, Høyang

Måløy:

Trond Eide Tennebø

Mathias Kongsvik Refvik

Jesper Endal Jepsen

Christoffer Nore

Markus Tvendeseter Kupen

William Furnes Rakkenes

Espen Sandal

Kim Andre Gangeskar

Anders Ulvik Fleten

Marko Ntontai Or Dodaj

Fridjon Mortensen

Innbytarar:

Kasper Bakke Øvrebø

Tobias Klever Årdal

Marius Stavenæs Refvik

Håkon Mathisen

Kasper Silden

Simon Eide Nordbø

Høyang:

Kristian Raae Johansen

Luis Alejandro Nedrebø Maureira

Sander Stølen Olsen

Navdar Omar

Robert Huseklepp Alrek

Jonathan Østerbø Breidvik

Julian Pettersen Agovic

Daniel Skilbrei Aven

Eirik Sjøthun Måren

Benjamin Ramsli Lyeng

Joakim Sjøthun Måren

Innbytarar:

Marius Varden Fossen

Mentasenote Alemu Girmissio

Nahoum Neguse Eyob