– Det blir aldri ei gullgruve å drive treningssenter på ein liten plass, men med fokus på fornying og utvikling, ser det bra ut framover, seier Torill Eide Tennebø.

Gode tilbakemeldingar frå kundane, eit stabilt medlemstal på rundt 400 treningsglade og bra oppmøte på motivasjonsarrangementet VårYr sist helg er blant grunnane til at Torill Eide Tennebø, driftsleiar ved Måløy treningssenter, ser optimistisk på framtida til senteret.

– Vi har ingen raude tal, og er opptekne av å prøve ut nye konsept og jobbar stadig for å trekke til oss nye medlemmar, fortel ho.

Tek ansvar for eiga helse

Under arrangementet i helga var det både fordrag og gruppetimar på plakaten.

– Vi prøvde å få med noko for ein kvar smak. Vi har utruleg positive og spreke kundar, som tek utfordringar på strak arm. Det gjer at kvar enkelt trening vert kjekkare, og ikkje minst gjev det oss som driv motivasjon til å halde fram, seier Tennebø, som også meiner folk generelt er blitt flinkare til å halde seg i form.

– Det aukande fokuset på trening og kosthald vi har sett i det siste, er ikkje berre ein forbigåande trend. Det handlar om at ein er meir bevisst på ansvaret for eiga helse. Dette er nok ikkje noko som vil snu, seier ho.

Uvurderlege instruktørar

Tennebø fortel at det viktigaste for treningssenteret i Måløy er å jobbe for å utvikle, reinvestere, oppgradere utstyr og å følge med på treningstrendane på landsbasis.

– Cluet er å finne ut kva kundane vil ha, og kva som fungerer her i Måløy. Dei flinke instruktørane våre er definitivt våre beste hjelpemiddel, og utan dei hadde det ikkje vore noko tilbod, understrekar ho.

Kva som vert nyhendene til hausten er enda ikkje avklart, men det blir i alle fall to nye instruktørar å finne i lokala.

– Nicolas Blålid kjem til å ha fokus på teknikkrettleiing for styrketrening, og Lone Myhre Skavøypoll kjem til å halde grupptimar i sal.

– Desse prøvde seg under VårYr i helga, og fekk strålande tilbakemeldingar, så vi gler oss veldig til å få dei med på laget, avsluttar Tennebø.