Høyang, som ligg på nedst på tabellen etter 21 spelte kampar i Kretsligaen, scora på sin første sjanse mot blåtrøyene før kvarteret var spelt i Sogn. Nokre minutt seinare fekk heimelaget ballen i nettet ein gong til, men Høyang-spelar Joakim Måren vart avblåst for offside.
Dei neste minutta var det sjansar til begge lag, og etter halvtimen spelt dobla Høyang leiinga. 2-0 var stillinga til pause.
Må på trenerjakt
I Kretsligaen var også Bremanger i aksjon i ettermiddag, og det vart ein tung dag for heimelaget på Bremanger stadion, noko som ikkje berre skuldast ei våt og tung grasmatte.
Gjestane frå Årdal scora heile åtte gongar i løpet av kampen.
Allereie frå start vart det hektisk for Bremanger-forsvaret. I løpet av dei første tre minutta hadde Årdal to sjansar, og etter elleve minutt fekk gjestane utteljing.
Etter 40 minutt hadde heimelaget ein stor sjanse som vart redda på strek av Årdal sin keeper. Minuttet seinare var det årdølene som fekk si andre scoring etter eit frispark som ein uheldig Bremanger-spelar stussa i eige mål.
Ein halvtime ut i andre omgang hadde gjestane auka leiinga til 6-0. Raudtrøyene fekk ei redusering til 1-6 ved Anders Frøyen, men det hjelpte lite når årdølene scora to mål til før sluttsignalet gjekk på Bremanger stadion.
– Godt steg på veien mot trygg plass
Sindre Hafsås sette inn 1-0 etter 33 minutt. I løpet av dei fem neste minutta hadde heimelaget to store sjansar som enda i stolpen. Men etter 39 minutt sette Kristian Lefdal inn 2-0 etter ei pasning frå bror Simen Lefdal.
Tre minutt før fulltid får Eid straffe etter at Jonas Trosdahl vart klipt ned i feltet. Trosdahl tok straffa sjølv, men Vik-keeperen går sigrande ut av duellen.
I 5. divisjon var Selje på besøk i Kaupanger i ettermiddag. Heimelaget vart for sterke for gjestane, og sluttresultatet vart 3-2.