Og med den høgt utdanna gjesteinstruktøren, Eva Kathrine Thomsen, i front for dagen, vart det ein svært variert dag for dei mange treningsglade som møtte opp.

– Det er så kjekt at vi endeleg kunne arrangere eit event igjen. Vi har jo ikkje kunne gjort noko dei siste åra, og i tillegg er dette første gong vi har hatt noko i dei nye lokala også, seier driftsleiar ved Måløy treningssenter Torill Eide Tennebø.

Torill Eide Tennebø var glad for endeleg å kunne invitere inn igjen. Foto: Eirik Gard Endal

Heile konseptet med «Våryr» er å samle treningsglade ein heil dag, og til mykje meir enn berre rein trening.

På programmet stod det nemleg både workshop og foredrag, i tillegg til at samlinga vart avslutta med ein betre matbit på restaurant Havfruen.

– Det gjer det til ein inspirerande dag, både for kundane, men òg for oss som er tilsette, seier Eide Tennebø.

– Vi gjer det for at folk skal få eit tilbod litt utanom det vanlege, noko som kanskje gir ekstra motivasjon og som tar inn det sosiale aspektet ved det å vere på trening.

Variert

Med seg på arrangementet hadde treningssenteret instruktør Eva Katrine Thomsen som er utdanna frå Norges idrettshøgskule med ein master i idrettspsykologi og coaching.

Eva Katrine Thomsen har 14 års erfaring frå treningsbransjen som gruppeinstruktør, presentatør, forelesar, kurshaldar og rettleiar. Foto: privat

Den svært erfarne instruktøren hadde regien på store delar av dagen, noko som gjorde at litt uvande treningsformer såg dagens lys på treningssenteret denne dagen.

– Ho hadde mellom anna «discomania», ei gruppetrening prega og inspirert av syttitalsmusikk, og eit opplegg med nittitalsparty, der vi rett og slett hadde god gammaldags aerobic. Det var veldig gøy! seier driftsleiaren.

Slik kan ein også trene. Foto: privat

I tillegg til Thomsen, hadde også senteret sine eigne instruktørar timar, noko som spente frå stor ball med Ann Kristin Johannesen til bootcamp på Måløy stadion med Natalie Holvik og Anette B. Jahre.

På Måløy stadion hadde Natalie Holvik og Anette B. Jahre ansvaret for «Bootcampen». Foto: privat

Og for dei som var spreke nok til å halde ut under heile programmet som varte 6,5 timar, vanka det også heider og ære.

– Det var faktisk ti som gjorde det. Dei fekk medalje og eit «barskingbevis», smiler Eide Tennebø.

Håper å gjenta suksessen

For dei som ikkje fekk vere med denne gongen, kan det hende at det ikkje blir så veldig lenge til neste gong. Helga gav meirsmak.

– Vi håper dette kan bli ei årleg greie. No har vi hatt nokre år utan på grunn av pandemi og ombygging, så først no kan folk få sjå korleis vi ønsker å drive senteret når det er normale tilstandar.