Torbjørn Glomnes, opprinneleg frå Vågsøy og Deknepollen, er tilsett som talentutviklar og assistenttrenar for 2. Divisjonslaget Førde.
I følgje firda.no så signerte Glomnes ny arbeidsavtale tysdag kveld, og han har allereie starta i den nye jobben. Han vil om kort tid flytte til Førde frå Sogndal.
Han seier til avisa at han gler seg til å ta fatt på nye utfordringar i Førde.
Glomnes har FIFA-status som trenar, ein kompetanse som berre han og Harald Aabrekk har her i fylket.
- Eg kjenner allereie mange av spelarane i Førde, og ser dessutan fram til å vere ein bidragsytar rundt A-laget til Knut Erik Folland. Men min viktigaste jobb er talentutvikling og arbeidet gjennom Førde-akademiet, seier Glomnes til firda.no.
Glomnes, som har trena Sogndal, slutta i Sogndal Fotball i vinter, etter 10 år i klubben. Han slutta på dagen etter at han var usamd i vegval i klubben.