– Når ein begynne å bli så gammal som meg, så tar ein eitt år om gongen. Eg spelar nok mest sannsynleg fotball, men kvar eg spelar er meir opent. Bremanger vil vel ha meg tilbake, seier Fosse Elde.

Keeperen meiner TMFK har hatt ein svært varierande sesong i Kretsligaen, men seier laget høyrer til i divisjonen.

– Vi har vel sett ei stund at vi har vore ganske sikre på å halde fram i divisjonen. Men det er godt å få det bekrefta. Vi høyrer absolutt til i Kretsligaen, sjølv om vi har hatt ein sesong der det har gått både opp ned, seier Fosse Elde, og utdjupar:

– På vårt beste er vi bra, men vi har eit altfor lågt botnnivå. Når vi ikkje yte det vi skal, så er vi altfor dårlege.

– Fekk som fortent

Målvakta meiner ein fekk eit bevis på det låge botnnivået då blåtrøyene gjesta Høyang på Sletta laurdag.

– Det var rett og slett trist. Første omgangen var heilt forferdeleg. Engasjementet var fråverande og det var ikkje vilje til å springe. Det einaste vi gjorde var å møte opp. Første omgangen får karakteren stryk.

Nokre minutt seinare fekk heimelaget ballen i nettet ein gong til, men målscorar Joakim Måren vart avblåst for offside.

Etter halvtimen spelt dobla Høyang leiinga ved Robert Huseklepp Alrek. Laga gjekk til pause på stillinga 2–0.

– Etter pause vart det litt betre, man langt frå godt nok. Vi fekk akkurat det vi fortente når vi var så dårlege, seier Fosse Elde om innsatsen.

TMFK starta andre omgangen best og hadde to cornerar i løpet av dei første to minutta etter pause. Blåtrøyene pressa bra på i andre omgang, men noko scoring vart det ikkje. Høyang fastsette sluttresultatet 3–0 etter 76 minutt ved Andreas Haaland Berge.

Ung stall

Fosse Elde trur og håpar at ein del av forklaringa på den varierande innsatsen til TMFK denne sesongen heng saman med at ein har mange unge spelarar i stallen.

– Ein del av forklaringa er vel at det er mykje unge spelarar. Vi får i alle fall håpe at det er ein del av forklaringa. I kampen mot Høyang handla det mest om at vi ikkje gjorde ein innsats. Viss ein ikkje legge ned innsats så taper ein uansett kven ein møter i denne divisjonen, seier sisteskansen.

No ser han fram til neste helg og lokaloppgjeret mot Bremanger på Måløy stadion.

– Vi må trykke til og gå ut å vise at det heldt på med i helga ikkje er representativt for oss. I tillegg er det jo alltid bra med trykk i desse kampane. No er det jo slik at begge laga er sikra, men eg reknar med det blir ein tøff kamp. Vi vil jo gjerne avslutte med stil, seier Fosse Elde, og understrekar at han syns det er kjekt at dei lokale laga blir å finne i Kretsligaen også neste sesong.

– Det blir mykje sognelag i divisjonen, så det er kjekt å ha nokre litt kortare reiser, og så er det jo alltid kjekt med nabooppgjer, smiler han.

KAMPFAKTA

Høyang – Tornado Måløy 3–0 (2–0)

Mål: 1–0 (15) Joakim Måren, 2–0 (33) Robert Huseklepp Alrek, 3–0 (76) Andreas Haaland Berge

Dommar: Vegard Yndestad, Eikefjord

Gult kort: Stefan Misic og Thor-Aage Pleym Evensen, begge Tornado Måløy

Tornado Måløy: K. Fosse Elde, T. Bakke, S. Frantzen, H. Myhre, F. Mortensen, M. Stavenæs Refvik, K. Angedal, S. Misic, T.-Aa. Pleym Evensen, C.-A- Nore, J. Våge

Innbytarar: M. Sunde Husevåg, C. Nore, R. Gotteberg