Viste ingen nåde då laget frå Nepal til slutt dukka opp
(G15/16 7er: Vanylven – Junior Football Academy Nepal 15-0) Det såg lenge ut til at spelarane frå Nepal ikkje ville møtte opp til Norway Cup-kampen mot Vanylven måndag. Men kamp blei det til slutt.
Vanylven måtte vente lenge før dei kunne starte kampen mot juniorakademiet til Nepal, men då dei endeleg kom blei det kamp og målfest. 15-0 blei det til slutt. Begge foto: Odd Inge Rand