Allereie etter seks minutt scora Christer Husa på straffe for heimelaget. Fjorten minutt etter kvilen scora debutant Toni Jakupovic med ein markkrypar frå 18 meter, men like etterpå reduserte gjestane til 2–1 etter mål av Jackson Bayubahe.

Berre tre minutt etter dette igjen hadde Vik utlikna då Thomas Gebrezghi scora på eit langskot med utsida av høgrefoten og rett i lengste kryss.

Fullstendig kollaps frå heimelaget med andre ord, som berre fem minutt etterpå måtte sjå sogningane gå i leiinga då same mann var på plass på nytt og sette inn gjestane sitt tredje for dagen.

Men seks minutt før full tid var Morten Mathias Larssen på plass og serverte eit draumemål då han på eit slags brassespark sette inn kampens andre utlikning, og markerte det som til slutt vart sluttresultatet.

Kampfakta:

Kretsligen, menn Bremanger – Vik 3–3 (1–0)

Mål: 1–0 (7) Christer Husa, 2–0 (57) Toni Jakupovic, 2–1 (62) Jackson Bayubahe, 2–2 (65) Thomas Michale Gebrezghi, 2–3 (71) Gebrezghi, 3–3 (83) Morten Mathias Larssen Mathisen

Dommar: Jakob Sande Søgnen, Gaular

Gult kort: Audun Langedal, Bremanger, samt Bengt William Abelsen-Øhlen, Imran Khan, Svein Erik Saglien, Vik

Bremanger: K. Fosse Elde, C. Husa, A. Langedal, U. Domben Rognaldsen, T. Førde Rylandsholm, A.J. Ommedal, M. Klakegg Hauge, T. Jakupovic, E. Førde Rylandsholm, V. Igland Nigardsøy, M.M. Larssen Mathisen

Innbytarar: R.A. Igland, Ø. Nesje, S. Brekke Rebni, T. Rylandsholm Stenseth, A. Bueie, O.M. Kjærstad, T. Svarstad Hauge, M. Igland Senneset