– Målet er at vi står på matta i NM neste år, seier trenar Lone Myhre Skavøypoll.

Ho og medtrenar Stine Bøe reiste nyleg saman med troppen til Oslofjord Convention Center på inspirasjons- og motivasjonstur.

Seniortroppen har fått eit høgt nivå og har det kjekt saman. Foto: privat

Planen var å delta i NM, men på grunn av pandemien blei det mykje fram og tilbake om NM i det heile skulle bli arrangert. Då det endeleg blei bestemt, blei tida litt knapp for troppen til å få ordna alt.

– Men vi bestemte oss for å reise likevel for å vere tilskodarar under NM. Så på turen tenkte vi meir på samhald, teambuilding og rett og slett ha det kjekt saman, seier Myhre Skavøypoll.

NM er eit svært stort arrangement. Foto: privat

Ifølge trenarane var det nyttig å vere til stades under NM. Reint praktisk lærte dei mykje om organisering og dei fekk også eit innblikk i kva som krevst fysisk og teknisk.

– Turnarane var supermotiverte etter helga og sa «no vil vi trene i sju timar kvar veke!»

Trenarane Stine Bøe (t.v) og Lone Myhre Skavøypoll var med på turen. Foto: privat

MIL Cheer fekk også følge med på oppvarminga til seniortroppa i Sirens Cheerdanceklubb der Marie Eide Johansen tidlegare var med.

Ho har vore i Måløy og hatt workshops med cheerdancetroppen fleire gongar, og har stått for både musikk og koreografi dei siste åra.

Troppen får inspirasjon og motivasjon på tur. Foto: privat

– Marie har deltatt i VM, EM og har blant anna fire NM-gull, så det er veldig motiverande å lære av henne og følge med på resten av Sirens Cheerdanceklubb, seier Myhre Skavøypoll.

Marie Eide Johansen kjem også til Måløy i framtida for å ha fleire treningshelger.

Troppen bestemte seg for å vere tilskuarar og lære under NM. Foto: privat
På turen var det også tid til å berre ha det kjekt i lag og bygge troppen. Foto: privat