Måløy står før denne runden i Kretsligaen med 11 poeng og ligg på ein 11. plass på tabellen. Bak seg har dei berre Jølster, som står med lik poengsum.

Laget som kjem sist i Kretsligaen må ut i kvalifisering mot 2. plassen i 5. divisjon for å behalde plassen i ligaen.

Dermed blir det ein svært viktig kamp mot sognelaget, som ligg på plassen føre Måløy på tabellen.

Om du ikkje har moglegheit til å sjå kampen på Skavøypoll Stadion kan du følge laurdagens oppgjer på fjt.no frå klokka 15.00.

Eid skal også i aksjon laurdag. Dei tar imot Høyang på Eid idrettspark.

Bremanger spelte sin 19 kamp for sesongen tidlegare denne veka. Kampen som gjekk mot Studentspretten i Sogn enda 4–0 til heimelaget.

Samarbeidslaget Åheim/Selje tar imot Stranda i 4. divisjon for kvinner laurdag. Medan herrelaget til Selje tar imot Sandane søndag.

I 3. divisjon for kinner møter Måløy Syril på bortebane søndag ettermiddag.