I helga får du ikkje berre éin, men to kampar direkte på fjt.no
Laurdag blir ein skikkeleg festdag for alle som er glade i fotball. På Måløy stadion går det to kampar rett etter kvarandre, nemleg Måløy – Sandane i 3. divisjon for kvinner, etterfølgt av Måløy – Fjøra i 4. divisjon for menn.
Fjordenes Tidende sender begge seniorkampane til Måløy FK i helga. Først ut er damelaget som møter Sandane, før herrelaget møter Fjøra rett etterpå.
Foto: Stig Høynes/Bjørn Erik Drabløs