BODYFITNESS: Ingeborg Sol Fure (32) har som mål å bli bodyfitnessutøvar på berre ti veker.

For fire veker sidan bestemte tobarnsmora seg for å delta i Norway Open i Trondheim. Over natta gjekk ho frå å vere ei normalt aktiv jente, til å trene to timar om dagen og vege kvart måltid, i håp om å bli klar til konkurransen i slutten av september.

– Eg har vore fascinert av kroppsbygging i mange år, men har aldri tenkt på å drive med det sjølv. I vinter byrja eg med litt tyngre styrketrening og fekk god framgang, og då var det fleire som foreslo at eg burde prøve meg. Medan eg var på ferie tidlegare i sommar bestemte eg meg for å gjere det, fortel ho.

– Kvar tredje dag går eg til kroppsmåling. Det går ut på blant anna å måle feittprosenten i kroppen, intracellulær- og ekstracellulær veske i kroppen, muskelmasse og kvileforbrenning, slik at treninga og kosthaldet er mest muleg effektivt, seier ho.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 8. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende