Fjordenes Tidende merka stor interesse rundt fjorårets direktesendingar. I samarbeid med Måløy fotballklubb vil vi derfor i år også gi deg alle spark, taklingar og mål i det som vi trur blir ein svært interessant sesong.
Og først ut for Måløy og trenar Erik Sandal, er altså heimekampen mot Sogndal 2 komande onsdag.
– Det er veldig kjekt at ein får moglegheit til å vise fram klubben på den måten. Vi veit at det er mange som har følgt med fordi dei ikkje har anledning til å gå på kampen sjølve. Samtidig så oppfordrar vi jo flest mogleg om å møte på stadion, seier trenaren.
Får ein tøff start, men ser fram til endeleg å få spele full sesong igjen
Dei skal i alle fall gjere sitt for at det skal bli kjekt å følge med, om det er frå tribunen eller sofaen.
– Det som genererer interesse er gode resultat, så det blir vår jobb å prøve å skape, avsluttar han.