Madelen Sagmo (9) frå Svelgen er blant dei som deltek i norgesmeisterskapen i dragrace i helga.

Svelgen har eit aktivt motorsportmiljø og arrangerer årleg eit stort AmCar-treff på starten av sommaren. Så også i år – og planlegginga til arrangementet 17.–19. juni går for fullt i klubbhuset i Breivika.

I same lokale held også dragracelaget «Non Safari» til. Dei er ni medlemmer og har tre aktive sjåførar som no gjer seg klare til å delta på NM på flystripa på Hitra i Trøndelag denne helga. Henning Kalsvik stiller med sin Camaro 69-modell, Geir Leirvik med Pontiac V8 og 9 år gamle Madelen Sagmo med sin skinande gule jr. Dragster.

Bilen til niåringen oppnår ei fart på 80 kilometer timen.

Seks NM-rundar

I den enorme raude bussen med påskrifta «Eyeball Engineering Non Safari Dragrace-team» heng dei Madelen sin bil i taket, Camaroen står på golvet under, og bak på ein hengar står Pontiacen. Den gedigne turnébussen blir å sjå på alle NM-rundane i år – ein sesong som går frå mai til september.

Mikael Sagmo køyrer ikkje sjølv, men følgjer med på lasset som bussjåfør og pappa til Madelen.– Vi set av heile sommaren til dette, og synst det er kjempekjekt! Av og til er heile familien med og også andre i klubben.

Har køyrd sidan ho var sju

Madelen kan ikkje delta på andre sportslege aktivitetar grunna ei livsvarig skade og har mange støttespelarar frå ulike hald for dyrke fartsinteressa.

Pip: Bilen til Madelen er komen frå lakkering og har fått teikneseriefiguren Pip på panseret.

I hennar klasse kan ein konkurrere opp til 18 år, og den unge jenta har hevda seg bra og set stadig nye personlege rekordar.

Ho fortel til Fjordenes Tidende at ho gler seg til årets NM-runde – ikkje minst fordi ho har fått mange gode vener frå mange ulike plassar rundt om i landet.

– Og så er det kjekt å køyre og få pokalar, smiler Madelen.

Dragrace er ein form for motorsport der reaksjonsevne er like viktig som hastigheit. Ein skal køyre 402 eller 201 meter så raskt som mogeleg.