– Sesongen har sjølvsagt ikkje gått så bra som vi hadde tenkt. Vi har eit ung lag som vi jobbar med å bygge opp. Difor har det vore viktig for oss å bruke unge spelarar slik at dei får erfaring og sjølvtillit. Det er dei jentene som no skal ta ansvar, seier Gudmundsdottir, som har vore spelar på TMFK sidan damelaget vart starta opp.

Torsdag spelte damene sin siste kamp for sesongen mot tabellvinnar Kaupanger2. Blåtrøyene enda sist i 3. divisjon, og Gudmundsdottir meiner kampen var representativ for laget denne sesongen.

– Det var det beste laget som vann, men eg er stolt av jentene som kjempa og stod på. Vi hadde moglegheita til å score nokre mål, men vi klarte det ikkje. Vi manglar ein målfarleg spiss. Slik har det eigentleg vore heile sesongen, så jentene har ein del å jobbe med framover mot neste sesong.

KAMPFAKTA

3. divisjon, kvinner

Tornado Måløy – Kaupanger2 0–3 (0–1)

Mål: 0–1 (41) sjølvmål, 0–2 (63) Andrea Henjesand, 0–3 (85) Dina Beate Lerum

Dommar: Oliver Kirkeeide Næss, Stryn

Gult kort: ingen

Tornado Måløy: A. Vinge, A. K. Røsok Kvalheim, R. Televik Blaalid, S. Myhre Refvik, F. Nalbant Nordpoll, H. Gudmundsdottir, S. Teige Nilsen, K. Trollebø, I. Navelsaker Røed, B. Lillestøl, V. Farstad Johansen

Innbytarar: M. C. Jørgensen, T.-L- Hjertenes, E. Volle, K.-M. Nykrem Hoddevik, I. Apneseth, C. Eriksen Vedvik