– Det er klart det er ei lette. Det har ikkje gått på skine for vår del i haust, så det var godt å sjå Dale slå Førde2, smiler trenar Tore Rylandsholm.
Han fortel at hausen har vore tøff for bremangarane.
– Vi har hatt ein del skader og ein tynn tropp. Hausten har ikkje blitt slik vi hadde tenkt, og vi har på mange måtar overlevd på at vi gjorde det godt i vår, samanfattar Rylandsholm.
Dale slo Førde2 7–3 søndag ettermiddag. Det betyr at Førde2 og Høyang ender sist i Kretsligaen og rykker ned, medan Bremanger dårligst kan bli nummer 10. Det betyr at laget unngår nedrykk om ikke Førde rykker ned fra 3. divisjon. To serierunder før slutt har Førde fire poeng ned til nedrykksstreken.
Forsterkar laget
– Dette er det første året vi spelar på dette nivået. Dei fleste hadde tippa oss rett ned, så då er det ekstra kjekt å vise at det går an å få det til og at vi kan konkurrere med såpass gode lag, seier trenaren.
Keeper i tenkeboksen
– Eg meiner Sogndal2 er betre enn Fjøra, som kjem ned i Kretsligaen. Og så tenker eg som så at det kjem opp to lag frå 5. divisjon som vi bør vere på nivå med. Eg trur ikkje det blir den store forskjellen i divisjonen, fortel Rylandsholm.
Trenarduoen har fått tilbakemeldingar på at dei i all hovudsak vil ha den same troppen neste sesong.
– Det laget vi har i dag blir i utgangspunktet med oss vidare. I tillegg frå vi med oss Mads Os, som var med oss på vårparten. Han flyttar tilbake og blir med. Han er ein fantastisk god spelar, og ei «potet» som kan brukast til det meste.
– Rullegardina gjekk ned
Laurdag kunne det sjå ut til at Bremanger skulle hatt forsterkingane på plass allereie.
Raudtrøyene måtte sjå Årdal score åtte gongar på ein våt og tung Bremanger stadion.
– Første omgang gjekk greitt. Dei var hakket kvassare, men vi kom med i kampen utover i første omgang, forklarar Rylandsholm.
Etter elleve minutt sette årdølane inn sitt første mål for dagen. Deretter bølga kampen fram og tilbake, men etter 41 minutt stussa ein uheldig Bremanger-spelar ballen i eige mål etter eit Årdal-frispark.
– I starten av andre omgang var det meir liv i kampen og vi var med. Men så berre kollapsa vi. Folk spelte i eigne posisjonar og vi mista heilt strukturen på midtbana. Rullegardina gjekk ned og det vart ganske stygt, sukkar Rylandsholm.
Årdal scora seks gongar i løpet av andre omgang. Bremanger fekk ei redusering ved Anders Frøyen etter 77 minutt.
I sesongavslutninga møter Bremanger Tornado Måløy i Måløy. Rylandsholm ser fram til møtet med gamleklubben.
– Det er noko eige med desse nabooppgjera. Det blir litt ekstra tenning og litt ekstra trykk i duellane. Dei kampane der ein kjenner dei ein spelar mot er dei kjekkaste. Vi gler oss.
KAMPFAKTA
Bremanger–Årdal 1–8 (0–2)
Mål: 0–1 (11) Truls Hovland, 0–2 (41) sjølvmål, 0–3 (60) Johnny A. Sørli, 0–4 (69) Hovland, 0–5 (72) Sørli, 0–6 (75) Nicolai Laberg, 1–6 (77) Anders Frøyen, 1–7 (88) Sørli, 1–8 (90+1) Sørli
Dommar: Markus N. Bakke, Eid
Gult kort: to til Årdal
Bremanger: M. Hauge, V. Senneset, O. Igland, M. Svarstad, E. Frøyen, M. Klakegg Hauge, A. Frøyen, T. Rylandsholm, W. Høivik jnr., M. Igland Senneset, N. Cone
Innbytarar: H. Mjølkeråen, T. Berhane, M. Varpe Hammersland, H. Rosø