– Vi ønskjer å samle sporten på ein stad på fjt.no slik at dekninga kjem betre fram og det blir enklare å orientere seg. Samstundes blir det også lettare for dei som ønskjer det å sjå på resultat over tid, seier redaktør Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.

I sportsstudioet, som er det same som fjt.no har nytta ved fleire høve i dekninga av lokalpolitikken, vil vi legge ut oppdateringar om resultat. Her blir det også bilete og meir utfyllande informasjon frå enkelte kampar. Her får du oversikt over korleis ditt lag har gjort det.

– Vi i Fjordenes Tidende kan ikkje vere alle plassar samstundes, men vi ønskjer å dekke så mange som mogleg over tid, seier Fagerli.

I sportsstudioet ønskjer vi å vise fram den store breidda vi har innan sport og idrett i vårt lokalmiljø, men då treng vi også dykkar hjelp.

– Arrangerer din klubb eller ditt idrettslag noko kan du sende inn resultat, eit bilete og nokre linjer, så vil det bli presentert i sportsstudioet, forklarar Fagerli.

Fjt.no viser denne sesongen alle Måløy sine kampar i Kretsligaen direkte. Vi viser også alle heimekampane til Måløy i 3. divisjon. Men denne helga har vi dessverre ikkje moglegheit til å vise Vik-Måløy laurdag.

– Vi har av og til utfordringar med at det skjer fleire ting samstundes, og dessverre klarar vi ikkje å stille med mannskap til å streame frå Vik denne laurdagen. Men vi vil kome sterkt tilbake, understrekar Fagerli.

I Kretsligaen tar Bremanger imot Studentspretten laurdag. Same dag er Høyang motstandar for Eid.

I 3. divisjon reiser Måløy til Sandane og Eid til Sogndal fredag kveld.

Laurdag er Bergsøy motstandar for Åheim/Selje på Havila stadion Fosnavåg.

I 5. divisjon tar Selje imot Bjørn søndag.

I 6. divisjon tar Stadlandet imot Hyen fredag kveld.