Før kampen er status at laget leiar avdelinga med 15 poeng, like mange som Balestrand på plassen bak dei på tabellen. Men dagens Måløy-kamp mot Bjørn er ein såkalla hengekamp, noko som gjer at Balestrand ikkje kan hente fleire poeng i årets 3. divisjon.

For at sogningane i det heile tatt skal ha sjanse til å ta igjen Måløy, må kveldens vertar tape med rundt åtte mål mot Bjørn. Dette må seiast å vere usansylneg, då Bjørn berre har tatt eitt poeng på alle sine kampar så langt i serien, og derfor er venta å vere eit svakare lag enn Måløy.

Men, som dei seier, alt kan skje i fotball, og det heile får du med deg direkte på fjt.no i kveld.