Først ut er Kretsliga-laga Måløy, Eid og Bremanger som alle spelar laurdag klokka 15.00.

Måløy har gjort ein heroisk innsats dei to siste kampane med siger både mot Vik (2–0) og Førde 2 (4–2). Dette har langt på veg sikra dei ny kontrakt i Kretsligaen neste år, sjølv om teoretikarane framleis kan få sitt å seie.

Måløy har igjen serieleiar Årdal, som dei møter no i helga og Nordfjord-rival Eid. Med tap i begge kan laget i teorien hamna på ein sisteplass om laga bak dei på tabellen gjer det godt. Jølster må til dømes vinne sine siste kampar mot Stryn og Høyang, og i tillegg score rundt tretti mål.

Med andre ord kan vi nok gratulere Måløy med Kretsliga-spel også neste år.

Kampen mellom Årdal og Måløy blir dessverre ikkje sendt direkte på fjt.no denne helga grunna mangel på personell til å filme.

Kjempar om pallplass

Laurdagens andre kamp er Eid heime mot Fjøra. Der blir det kamp om ein pallplass, då Eid ligg på fjerdeplass med 44 poeng, to poeng bak motstandar Fjøra. På dei seks siste kampane til gultrøyene har laget fem sigrar, der alle desse kampane har blitt vunne med berre eitt mål. Så då står att det å sjå om det blir like tett når sogningane tek turen til Eid idrettspark.

Den tredje kampen i Kretsligaen laurdag, er Sogndal 2 mot Bremanger. Dette blir eit svært tøft oppgjer for Bremanger som i dag ligg på ein niandeplass på tabellen med 16 poeng, eitt poeng bak Måløy. Sogndal 2 ligg på andreplass med 48 og vil nok i kjent stil mobilisere innanfor klubben for å ta tre poeng.

Neste kamp for Bremanger er heime mot Stryn, og om det blir tap både laurdag og i den siste kampen mot dei, så er også Bremanger avhengige av at Jølster med elleve poeng ikkje tar seks poeng i sine to siste kampar.

Begge søndagskampar utgår

Søndag skulle damene på Måløy sitt lag i 3. divisjon møte Bjørn heime på Skavøypoll stadion. Men Bjørn klarte ikkje å stille lag, og dermed blir det tre poeng og 3–0 til Måløy på walkover.

Den siste lokale kampen denne helga skulle ha vore Selje mot Sogndal 3/Fjøra 2 i femte divisjon. Denne kampen er imidlertid kansellert, kan ein lese på fotball.no, og Selje vinn på walkover ettersom Sogndal 3/Fjøra 2 ikkje kan stille lag.

Selje endar på ein femteplass på tabellen.