Det seier Anna Nerland (15) og Ragne Westvik (16).
Saman med Hedda Hagen (14), Kristine Solheim (16), Sienna Eveline Carlson (14) og Malin Pettersen Gangsøy (16) utgjer dei juniorane i SIL turn.
Anna har turna sidan ho gjekk i 5. klasse og Ragne sidan 3. klasse.
– Eg har alltid stått på henda og slått hjul der eg kunne, så å begynne på turn var nok det einaste rette for meg, smiler Anna.
– Pappa var trenar, så det var min veg inn. Og så har eg berre fortsett, fortel Ragne.
– Ganske skummelt rett før
Laurdag arrangerte SIL turn kretskonkurranse i Nordfjordhallen. I tillegg til fleire lag frå arrangørklubben kom det lag frå Gneist, Høyang, Kjøkkelvik, Kvernbit, Sogndal og Åsane. Totalt var om lag 150 turnarar i aksjon.
Og det var to smånervøse turnarar som hadde planen klar før konkurransen.
– Vi har begge øvd på shokahara, fortel Anna og Ragne, og forklarar:
– Ein tar springesats på ei lita trampoline og tar arabar over ein pegasus og ein backflip.
Ingen av dei hadde gjort dette i konkurranse tidlegare.
– Det som er med turn er at det går opp og ned. Det som går bra på trening ein dag, er ikkje sikkert går neste dag. Det må ein berre akseptere. Dagsform har mykje å bety.
Og sjølv om Anna og Ragne var litt nervøse før konkurransen gledde dei seg stort.
– Det er jo konkurransane vi jobbar mot. Det siste året, etter at koronapandemien gav seg, har vi konkurrert mykje.
Bak det publikum fekk sjå frå både rekruttar og juniorar i Nordfjordhallen laurdag ligg det mykje trening.
– Vi trenar fast tre gonger i veka, men så har vi litt ekstratreningar og vi trenar litt utanom, så det blir fort trening fem til sju gonger i veka, fortel Anna.
– Turnhallen betyr mykje
Både Anna og Ragne gler seg over moglegheitene dei har i turnhallen i Deknepollen og trur den har mykje å bety for rekruttering.
– Mange har hatt mykje framgang etter at vi fekk turnhallen, seier Ragne og får støtte av Anna.
– Ja, og så slepp vi å bruke så mykje tid på rigging. Her ligg alt til rette, medan tidlegare måtte vi bruke mykje tid på å lage til før vi kunne begynne å trene.
Sjølv om det gror godt i turnmiljøet merkar ein også her fråfall. I dag er dei seks juniorar i SIL turn. Det er det ein må vere for å kunne stille lag.
– Vi har søkt opp nokre av dei eldste rekruttane, slik at dei kan kome opp å bli juniorar neste år, fortel Ragne.
Og turn er noko dei begge anbefaler andre å begynne med:
– Ein får jobba mot sine eigne mål og ein får utfordra seg sjølv. I starten er det jo veldig mykje fokus på leik og så blir det meir seriøst etter kvart. Nå du held på med turn blir du veldig allsidig. Du får mykje styrke i kroppen og kontroll på kroppen, i tillegg til balanse og koordinasjon, seier dei.
I dag går Nerland i 10. klasse, men planen vidare er klar.
– Til hausten skal eg gå vidaregåande, og skal inn på idrett på Sandane på toppidrett turn. Eg har lyst til å sjå kor god eg kan bli.
Ragne går 1. klasse på studiespesialisering ved Måløy vidaregåande skule.
– Det hadde vore kjekt å kome langt innan turn, men eg trur ikkje det går, sidan det er mykje skule i tillegg. Men kunne eg valt hadde eg satsa på turn, smiler ho.