Eid tapte 2–0 heime mot Sandane. Eid sitt damelag tapte fredag kveld på heimebane mot serieleiar Sandane på Eid Stadion. Trass i tap i dagens kamp har Eid sitt damelag tatt store steg sidan 5–0 tapet borte mot Sandane i serieopninga 25. april.

Eid starta kampen best, og allereie etter sju minutt kunne Eid tatt leiinga 1–0. Eitt frispark frå Marte Skeistrand small i tverrligaen bak Sandane sin keeper Kristina Hjelle.

Like etter gav Emma Mellingen Lothe bortelaget leiinga 1–0 på eit flott skot frå om lag 16. meter. 1–0 til Sandane var også pauseresultatet i kampen. – Eg synst vi er det beste laget i fyrste omgang. Litt betre på siste tredjedel s\ kunne vi ha skåra nokre mål, seier Eid sin trenar Henning Haugen etter dagens kamp.

Trenar for Eid, Henning Haugen Foto: Stig Høynes

Etter ein relativt jamspelt 1. omgang tok Sandane meir og meir over føringa i kampen utover i 2. omgang.

Eid skapte ikkje mange sjansar etter pause, og det var derfor fullt fortent då Regine Aa Sandal fastsette sluttresultatet til 0–2 fire minutt på overtid. – I andre omgang blir vi for baktunge og Sandane har presset på oss. Men, dei skapar ikkje mykje. Vi klarar dessverre ikkje å behalde ballen noko særleg når vi får den. Eg er bra fornøgd med gjennomføringa og bra med utvikling sidan sist vi møtte dei, avsluttar trenaren til Eid, Henning Haugen. Lene Refsnes spelte ein god kamp, og blei heilt fortent kåra til Eid sin beste spelar.

Toppscorar til Eid, Lisa Skarstein Foto: Stig Høynes

Eid sin neste kamp i serien er borte mot Sogndal Fotball/Sogndal FK 2 fredag 3. juni.

Eid – Sandane: 0–2 (0–1)

0–1 Emma Mellingen Lothe (12. min)

0–2 Regine Aa Sandal (90. min+4)

Dommar: Olav Næss (Stryn T & IL)

Gult kort: Lisa Skarstein, Eid og Karoline Hjelle, Sandane

Eid:

Marita Berget Alsaker

Linnea Stokke Lillestøl

Tuva Sigdestad Lund

Lene Refsnes

Amanda Marie Challen

Tara-Mari Hovden

Marte Skeistrand

Andrea Vedvik

Bente Kristin Humborstad

Julia Felde

Lisa Skarstein

Innbytarar:

Andrea Engeseth Naustdal

Mathilde Solheim

Julie Hagen Henden

Dina Helena Grönstrand Taklo

Solveig Barstad

Sandane:

Kristina Hjelle

Martine Kvamme

Alva Johanna Heggdal-Verlo

Katrine Bruland

Borgny Kristin Hetle

Emma Mellingen Lothe

Sofie Borge Tilrem

Kristine Lothe Rustøen

Sara Lothe Rustøen

Karoline Hjelle

Malene Utheim

Innbytarar:

Mathilde Onstad Takle

Azeb Abrha Habte

Natalie Kandal

Regine Aa Sandal

Torine Langeteig

Mathea Gimmestad