Tornado Måløy fossar vidare. Mandag kveld knuste dei Sogndal2 med heile 5-0.

Dermed toppar vågsøylaget 3.-divisjon med 28 poeng, fire poeng føre Årdal og 6 poeng føre Stryn på 3.plass.

Dette lovar godt.

TMFK sjokkopna og leia 1-0 etter 2 minutt etter ei scoring av Endre Kupen. Kupen måtte gå av banen etter berre eit kvarter på grunn av skade.

Like før pause putta Sveinung Frantzen på til 2-0, ei viktig scoring.

Andre omgang er berre to minuttar gamal då Joachim Raknes Forthun putta på til 3-0.

I det 69. minutt la Rune Myhre på til 4-0.

8 minutt før slutt fastsette Joachim Raknes Forthun sluttresultatet til 5-0.