– Akkurat no er det ein kamp til igjen av sesongen, så det blir å spele den og så er framtida meir usikker. Eg bur i Bergen og det har vore greitt å pendle heim for å spele kampar for Eid og møte kompisar. Vi får vente å sjå kva som skjer og kva som freistar til våren, seier Simen.

– Eg har ikkje tenkt på neste sesong enda, seier Kristian.

Dei to brørne har flytta til Bergen. Der bur dei i same kollektiv og tar begge ei årsstudium i idrett. Saman har dei også pendla til dei siste kampane for gultrøyene, og vore med å sikre femteplassen i Kretsligaen.

– Det har vore opp og ned for Eid denne sesongen. Vi sette eit mål om å bli topp fem før sesongstart, og det har vi greidd. Vi er stort sett fornøgde med korleis sesongen har utarta seg. Det har vore nokre tilfelle der det ikkje har gått som det skulle, samstundes har vi prestert ganske godt i mange kampar, seier Simen.

– Det var ein litt treig start, men utover i kampen hadde vi mange sjansar som vi burde ha utnytta betre.

Men etter 32 minutt klarte eidarane å utnytte ein av moglegheitene sine. Joakim Vedvik, som blei spelt gjennom av Simen Lefdal la eit flott innlegg til Sindre Hafsås, som fekk ein touch på ballen.

Dei neste minutta hadde eidarane to stolpeskot, og etter 39 minutt dobla dei leiinga.

– Andre scoringa kom etter at eg fekk ein retur og hadde tenkt til å skyte, men så høyrde eg han bror rope på ballen. Då var det best å sentre for å sleppe noko syting, ler Simen.

Kristian Lefdal var aleine med keeper og fastsette sluttresultatet til 2–0.

Siste kamp for eidarane er borte mot Førde2 laurdag.

KAMPFAKTA

Eid–Vik 2–0 (2–0)

Mål: 1–0 (32) Sindre Hafsås, 2–0 (39) Kristian Lefdal

Dommar: Sjur Haugen, Dale

Gult kort: eit til Vik

Eid: E.-A. Røysen, K. Årskog, J. Vedvik, A. Hagen Henden, E. Rosø, R. Lillestøl Naustdal, H. Haugen, S. Lefdal, T. Bashay, K. Lefdal, S. Hafsås

Innbytarar: J. Hagen, A. Hellenes, J. Heggen Trosdahl