Sondre Nor Midthjell, som nettopp er teken ut på G17-landslaget, stod som ein levande vegg og stoppa alt som kom av avslutningar frå Eid sine spelarar. Spesielt fyrste timen av kampen produserte Eid fleire gode sjansar til å overliste 17-åringen frå Hjelle. Nærmast scoring for Eid var Joakim Frislid Vedvik. Eid sin toppscorar var forbi Sogndal 2 sin sisteskanse, men eit tigersprang av Nor Midthjell hindra scoring til Eid

Sondre i full strekk på ei avslutning frå Marius Endestad Henriksen (Far til Sondre, Rune Midthjell, passar på i bakgrunnen). Foto: Stig Høynes

Dryge ti minutt før pause tok bortelaget leiinga 1–0 ved Markus Lazaro Mannsverk Bringas. Mannsverk Bringas blei spelt gjennom av Marius Årøy, og frå skrått hold sette han ballen sikkert i mål bak Eid sin gode keeper Sander Torheim Frislid. Sogndal 2 si andre scoring kom på ein kjapp dødball 20 minutt ut i 2. omgang. Andreas Kalstad fekk stå heilt umarkert på bakarste, og frå om lag ti meter plasserte han ballen bak Torheim Frislid.

Eid sin keeper Sander Torheim Frislid spelte ein god kamp, og blei heilt fortent kåra til Eid sin beste spelar.

Eid ligg etter dagens tap på 4.-plass i Kretsligaen, med tolv poeng på sju kampar. Neste kamp for Eid er borte mot Høyang på Sletta laurdag 4. juni.

Det er fyrste gong på heimebane at alle brørne Årskog er i startellevaren. Foto: Stig Høynes
Erik Hovden Flataker frå Almenning spelte nesten heile kampen for Sogndal 2. Foto: Stig Høynes

Kampfakta

Kretsligaen, Eid – Sogndal 2 0–2 (0–1) 0–1 Markus Lazaro Mannsverk Bringas (33), 0–2 Andreas Kalstad (65)

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra

Gult kort: Ove Andre Balsnes, Daniel Haus, Kristian Årskog og Marius Endestad Henriksen. Eitt til Sogndal 2

Eid: Sander Torheim Frislid, Ove Andre Balsnes, Sindre Årskog, Kristian Årskog, Daniel Haus, Marius Endestad Henriksen, Kristian Lefdal, Marius Åsebø, Tore Årskog, Joakim Frislid Vedvik, Johan Felde

Innbytarar: August Sigdestad Lund, Oliver Holmøyvik, Yafiet Zerai Mussie, Henrik Vingen Vedeld, Henning Haugen