FOTBALL: Arna Bjørnar – Tornado Måløy 3-0. Det vart ein heilsvart dag for Tornado Måløy då dei laurdag tapte 3-0 på bortebane mot Arna Bjørnar.

To spelarar fekk raudt kort for kjeftbruk og måtte gå av bana. Børge Yndestad vart utvist eit kvarter før slutt og Martin Flåten i det siste ordinære speleminuttet.

Det var ein amper kamp.

Eid storspelte og vann heile 5-1 over Bjarg på heimebane.

Stryn tapte 4-2 borte mot Fana og Florø slo Saga 2-1 på heimebane.

Dei to andre kampane enda slik: Fjøra - Tertnes 0-2 og Årdal FK – Voss 2-1.

Les kommentarar opg alt om Tornado Måløy og Eid sine kampar i papirutgåva måndag 4. juli.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende