Ein gjeng som kanskje er ekstra spent, er dei åtte ungdomane som reiser i regi av Almenning skyttarlag.

Fredag morgon set dei seg i bilen for å ta fatt på den 45 mil lange turen nordover til det som vil bli ei stor oppleving for dei unge skyttarane. Men litt nervar må ein også rekne med.

– Eg veil seie at dei er mest spente. Det er noko heilt nytt å skulle vere med på eit så stort arrangement, ikkje minst når du har tribune rundt banene og mykje folk som ser på, seier Øystein Solheim, instruktør i Almenning skyttarlag.

Saman med Henning Svoren, er det Øystein Solheim som er instruktør for ungdomen. Foto: Privat

– I tillegg til sju frå Almenning, så har vi med ein skyttar frå Bryggja. Alderen på dei som skal delta er mellom 13 og 19 år, seier han.

Saman med Henning Svoren, er han primus motor for ungdomsgruppa i skyttarlaget. Engasjementet dei har for sporten gjer at det er mange ungdomar som har fått interesse for skytesporten, noko som gjer at dei har svært god rekruttering i forhold til mange av dei andre lokale skytterlagene.

– På trening så er det rundt femten ungdomar som trenar fast, så vi veit at det er nokre andre skyttarlag rundt om som kanskje er litt misunnelege på oss når det gjeld kor mykje ungdom som viser interesse for sporten her med oss, seier Solheim.

Solheim fortel at dei har rundt femten ungdomar som trenar i hallen kvar veke. Foto: privat

Du kan sjå alt direkte på fjt.no

Totalt er det 26 deltakarar frå Nordfjord, eller Nordfjord samlag, som reiser nordover denne helga. Lokale skyttarlag som er representert er nemnde Almenning i tillegg til Haugen, Nordbygda og Rand, Hundeide, Stadlandet, Eidsbygda, Bryggja, Hyen og Stryn.

Under kan du sjå heile lista over lokale skyttarar:

Geir Lasse EspeHaugen Skyttarlag - 2 (M)
Amanda Svoren EspeHaugen Skyttarlag - R (K)
Joakim Beinnes FørdeNordbygda og Rand Skyttarlag - ER (M)
Sander LundNordbygda og Rand Skyttarlag - ER (M)
Per Tore TakloHundeide Skyttarlag - 4 (M)
Ben Magne StoklandStadlandet Skyttarlag - 5 (M)
Bendik StoklandStadlandet Skyttarlag - 4 (M)
Kristine SolheimAlmenning Skyttarlag - J (K)
Angelica ÅrvikAlmenning Skyttarlag - J (K)
Emma ÅrdalAlmenning Skyttarlag - J (K)
Thitiphan NgoenareeAlmenning Skyttarlag - J (M)
Oliver Flo HeggenEidsbygda Skyttarlag - ER (M)
Jakob Mathias Nesheim AardalsbakkeEidsbygda Skyttarlag - J (M)
Anders Jarle HeggenEidsbygda Skyttarlag - 1 (M)
Regine NesheimEidsbygda Skyttarlag - 5 (K)
Roger NesheimEidsbygda Skyttarlag - 5 (M)
Odd Peter SkinloHyen Skyttarlag - V73 (M)
Sondre Rotihaug DalsethHundeide Skyttarlag - J (M)
Bendik Sagebø-KolsethBryggja Skyttarlag - EJ (M)
Emilie SelstadAlmenning Skyttarlag - EJ (K)
Richard SolheimAlmenning Skyttarlag - EJ (M)
Patrick SolheimAlmenning Skyttarlag - R (M)
Ole Kristian AasenHaugen Skyttarlag - 2 (M)
Arve HalsteinslidHaugen Skyttarlag - V55 (M)
Arild FureStryn Skyttarlag - V55 (M)
Ole Arild AaHyen Skyttarlag - 5 (M)

Heile konkurransen, frå fredag til søndag, vil bli vist på fjt.no. Sendingane startar klokka 11.00 på fredag og klokka 08.00 laurdag og søndag.

Sendinga er eit samarbeid mellom Polaris Media og arrangørane av stemnet. I tillegg til direktesendingane frå sjølve konkurransen, vil ein kunne sjå studio med ekspertkommentatorar, reporterar ute på banene, i tillegg til innslag og intervju med deltakarane.

Håper å lære

Når dei unge medlemmane i skyttarlaget kjem fram til Stjørdal, skal den første skytaren i aksjon laurdag klokka 11.00. Etter det skal ei pulje med fleire i gang rundt klokka 13.00 før dei resterande skal skyte rundt klokka 15.00.

Treningane føregår i kjellaren i Samfunnshallen på Tennebø. Foto: privat

Som førstereisungdom handlar det derfor mest av alt om å sjå og lære. Alt over dette er ein bonus.

– Vi har ingen store forhåpningar, men vi reiser rett og slett for å ha det sosialt og for å lære av dei som er best i landet, det er det som er i fokus, seier Solheim.