Det kan i teorien bli ein ny cupfinale med to lag frå Møre og Romsdal, og med to tidlegare Skavøypoll-spelarar på banen for kvart sitt lag.

Det er klart etter at semifinalekampane i Norgesmeisterskapen i fotball for herrar vart trekt måndag.

Der vart utfallet at Hødd møter Brann heime på Høddvoll i Ulsteinvik. Molde må til Tromsø for å krige om finalebillett.

Erik Sandal, som er frå Skavøypoll, spelar som kjent på 1. divisjonslaget Hødd som slo Haugesund på bortebane i kvartfinalen.

Skal det bli cupfinale må dei slå Brann på heimebane.

Børre Steenslid, også han frå Skavøypoll, spelar på Molde som også er klare for semifinalen borte mot Tromsø.

Vinn Hødd og Molde desse to viktige kampane kan dei to gamle lagkameratane møtast i den prestisjefylde finalen i Oslo.

Semifinalane blir spelt 26. og 27. september.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende