FOTBALL: Jenter, no skal de til Florø! Eg er så stolt av dykk, sa trenar Susanne Aarsheim etter at småjentene til Selje gjorde reint bord.

Sjølv om det var mest for moro, var det også litt alvor under kvalifiseringa til innandørs-KM for aldersbestemte lag i Nordfjordhallen i helga. Laurdag spelte småjenter og smågutar frå heile Nordfjord om kvar sine tre kvalifiseringsplassar, og søndag var det jenter og gutar 16 år som skulle i elden.

Småjentene blei først ferdige med sine kampar laurdag. Då Fjordenes Tidende var innom hallen laurdag ettermiddag hadde tre lokale småjentelag spelt seg fram til semifinale, nemleg TMFK, Skavøypoll og Selje.

Heile reportasjen stod i papirutgåva måndag 7. februar.