– Eg har kontrakt eit år til, og eg gler meg til å følge utviklinga. Om vi ikkje mister spelarar så trur eg vi vil plukke fleire poeng og gjere ein betre sesong neste år, seier han.

Ifølge Tanasic har Selje både før og i løpet av sesongen mista fleire viktige og gode spelarar.

– Mange unge spelarar har fått prøve seg. Alt i alt var målet å overleve i 5. divisjon. Vi greidde det og i heilskap er eg fornøgd med sesongen.

Det var Kaupanger som kom best i gang, og allereie etter ni minutt sette Kaupanger inn sitt første mål. 20 minutt inn i kampen dobla sogningane leiinga før Kristoffer Rundereim reduserte for seljeværingane etter 26 minutt. Etter åtte minutt spel i andre omgang auka heimelaget til 3–1. Like før slutt reduserte Selje nok ein gong ved Mikal Osmundsvåg.

– Vi møtte eit veldig godt Kaupanger-lag. Før kampen snakka vi om å gjere ein skikkeleg god kamp der vi utfordra heimelaget. Det føler eg vi fekk til. Vi kunne scora fire-fem mål til, og Kaupanger kunne scora to-tre mål til, så det var ein fin 5. divisjonskamp. Eg er veldig fornøgd med innsatsen til gutane, fortel Selje-trenaren.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Kaupanger Selje 3–2 (2–1)

Mål: 1–0 (9) Kristian Hauståker, 2–0 (20) Håvard Takle Sanden, 2–1 (26) Kristoffer Rundereim, 3–1 (53 str.) Takle Sanden, 3–2 (90) Mikal Osmundsvåg

Dommar: Per Olav Erikstad, Jølster

Gult kort: Johannes Osmundsvåg, Emil Giljanovic og Jon Anders Gulbransen, alle Selje

Selje: T. Lesto Larsen, J. A. Gulbrandsen, J. Osmundsvåg, J.-K. Apelseth, K. Aam Hamre, M. Osmundsvåg, E. Giljanovic, J. Beitveit, K. Rundereim, J. Refvik, H. Hoddevik

Innbytarar: J. M. Husevåg, A. Kvernevik