– For eit liv, for eit eventyr!

- Trongen for å reise ut frå Ålfoten, ut for å sjå kva som rørte seg rundt om i verda, den var så sterk at eg måtte ut.

Ottar møtte Inger Nyborg frå Skreia på Østre Toten under verneplikt-tensta på Starum i 1951. Dei stifta familie kort tid etter, og Ottar bygde grisehus på heimgarden i Ålfoten. Men nokre få år seinare tok eventyrlysta over igjen, og han drog til Canada på anleggsarbeid. Der vart han i to år. foto: privat 

Tema

Ottar Vik har klare minne frå oppveksten i ei heimbygd der gudstrua stod sterkt.

– I mine barneår var det eit svært kristeleg miljø her i Ålfoten. Heile bygda hadde meir eller mindre kristelege tendensar alt i hop. Dei kom på vanlege møte i Gamleskulen om kveldane når emissærane talte og song.

Han ville imidlertid oppleve meir av livet sitt mangfald enn det heimbygda gav rom for.

Eventyrlysta var drivkrafta i jakta på spenning og opplevingar, og som 89-åring kan han sjå tilbake på eit liv som inneheld meir enn dei fleste rekk over. Eventyret starta på mange måtar då Ottar var 17 år gamal.

– Eg hadde ei tante i Tønsberg som dreiv kafé. Det vart til at eg reiste ned til henne og fekk arbeid som visargut. Eg sykla med pakkar og kløyvde ved til gamle folk, minnest han.

Var vekke: Dottera May Helen var fem år då Ottar reiste over Atlanteren. – Når eg tenkjer tilbake på desse to åra i Canada, vekke frå kona og dottera, så var det galskap alt i hop, meiner Ottar. foto: kjell askeland 

 

Av og til hende det også at Ottar hadde jobben med å rake lauv i hagen til ein skipsreiar.

– Ettersom Tønsberg var ein kvalfangarby den gong, så kom vi inn på kvalfangst. Eg spurde om det var råd å få hyre på ein båt. Han noterte på ein lapp og gav meg. «Levér den på hyrekontoret!», sa han berre. Eg so gjorde, og fekk straks plass på kvalkokeriet Anglo-Norse.

– Ekstremt mannssamfunn

Ottar fekk arbeid i salongen der offiserane og kvalskyttarane heldt til. Dei var overklasse og der var stil.

Dei kryssa Atlanterhavet, seilte vidare gjennom Panamakanalen og deretter sørover langs Stillehavskysten av Sør-Amerika.

– Etter overfarten frå Norge kom vi til Panama. Gjennom kanalen var det sluser. Der var horehus, og karane gjekk der, gifte folk med kone og ungar heime, fortel Ottar og fortset:

– På Stillehavsida hende det same. Karane vart skjenka så dei vart litt rusa. Då fekk folk utav dei pengar. Kvalfangarane let seg lure, tenkte ikkje på at dei skulle heim til familien. Så fekk dei gonoré, og måtte til med medikamenter. Eg gjekk ikkje. Eg visste kor farleg det var, og kor lett det var å få smitte, endå eg berre var 17 år.

Musikk på dekk: Her er Ottar med trekkspel og ein kollega på kvalkokeriet Anglo Norse under kvalfangst utanfor Peru i 1946-1947. I nokre år på 50-60 talet var Ottar den som fekk fart på låvedansen i lyse sommarnetter. Han spelte brudevalsen, og det som den gong var populært, sjømannsvalsar. Sjømannen som lengta til Norge og kjærasten. Trekkspelet fylgde Ottar kring om i fjorden der liflege melodiar og friske takter fekk fart på stemninga i ryddige, høytome låvar og mastover. – Ein sommar spelte eg i tretten bryllaup. Det vart etterkvart treiske mandagar å arbeide med slåtten. Heile veka gjekk med å komme i form til neste helg, ler Ottar og tenkjer på ei tid med frodig energi. foto: privat 

 

Framme ved kysten av Peru, utfor Lima, var fangsten i gang. Eit nytt og framandt liv utfalda seg for Ottar.

– Elleve kvalbåtar reiste ut på feltet og speida etter blåstr eller kval som dukka, då såg vi sporden stå rett opp. Når dei såg kval frå tynna i mastra, så sikta dei seg inn og gjekk der dei venta å sjå att kvalen. Spermasett var den kvalarten vi i hovudsak jakta.

– Når ein kval var skoten og drepen, bles dei den opp med trykkluft så den flaut. Så sette dei på eit flagg som synte kva kvalbåt som hadde skote den. Sjølv arbeidde eg aldri med kval, sette meg berre oppå og tok bilete. Vi fangsta i ti-elleve månader. Ein tankbåt kom og henta kvalolje frå kokeriet.

Livet om bord på kokeriet utfalda seg og vart ein vane.

– Eg klarte meg godt. Alt eg gjorde utførte eg nøyaktig, og det la karane merke til, seier Ottar.

Om bord på Anglo-Norse arbeidde kring 300 mann. Med dei som var på dei elleve kvalbåtane vart det kring 400.

tøft miljø: Om bord på Anglo Norse arbeidde kring 300 mann, med dei som var på dei elleve kvalbåtane vart det kring 400. – Det var eit ekstremt mannssamfunn, seier Ottar. foto: privat 

 

– Det var eit ekstremt mannssamfunn. Eg såg fleire av karane som fekk gjennomgå, dei hadde det ikkje godt. For min eigen del vil eg seie eg hadde det fint. Ingen plaga meg. Frå tida i Tønsberg hadde eg lært boksing og bryting, så eg var ganske bra der. Eg hadde det gemyttet som skulle til, var rask i støt og slag, seier Ottar og legg til:

– Om bord var mange gode boksarar. Der var også turnsal så vi fekk utfalde oss når det ikkje var kvalfangst. Eg gjekk ut i «Slappen» om bord som vi sa, eit område med butikkar, kunne vi kjøpe kle og forskjellig til gode prisar.

Etter ni månader fangst reiste båtane i ekspedisjonen oppover til Panama. Der gjentok livet seg, karane fekk på nytt gonoré, på veg heim til kjerring og ungar. Siste leveringa gjorde Anglo-Norse i New York på vegen heimover. Der leverte dei kvaloljen før dei kryssa Atlanteren heim til Tønsberg.

Frå kval til selfangst

Like etter krigen reiste bror til Ottar på selfangst. Hans beretning frå isen vakte på nytt eventyrlysta hos Ottar,

Han reiste til Ålesund og fekk plass om bord ei ny skute som heitte Polarsel, med kurs for Vestisen.

Skyttarane skaut selen, bortsett frå ungane som var nyfødde. Dei vart slakta direkte av fangstfolka, med hakapik.

– Eg skal vere forsiktig med å dramatisere, eg som sjølv var med på dette. Der var overtramp, det let seg ikkje nekte. Stort sett gjorde fangstfolka det dei skulle gjere. I starten var fangsten forferdeleg. Men det vart ein vane.

Kampen for tilværet i Vesterisen er dramatisk, forferdeleg. Nordlendingane kom der i berre nokre sluppar og fangsta sel. Mange skuter vart brotne ned av isen. Ottar Brandal var skippar på Årvak. Den skuta var ikkje med i den store tragedien i 1952 der sju skuter forliste og 78 mann omkom. Skuta er no freda og utstilt på Ishavsmuseet i Brandal, der Ottar vart innboden til opninga.

Tøffe tak

Utbygginga av Yksnelvane mot slutten av 40-talet innleia ei ny tid for Ålfoten-bygda. Karane fekk høve til anleggsarbeid til ufattelege timeløner.

Litt lirking måtte gjerne til for å komme mellom dei utvalde. Ein av dei heldige, som fekk reise inn i Lunden og sprengje fjell, var Ottar Vik. Han var då 20 år.

Bryllaupstog: Inger og Ottar Vik på veg frå Ålfoten kyrkje til Vik, 10. september 1952. Så nygifte som dei kunne vere. På veg mot kyrkja heitte brura Inger Nyborg. Spelemennene er Nils Myklebust (f.v.), Simon Myklebust og Oskar Myklebust. Deretter brudeparet. Brudepiker er Jorunn Vik Brandal og Magnhild Nyborg Krogsveen. På 50-talet spelte Ottar på flaker og låvar rundt om. Ein gong på Myklebustsætra dansa han halling og slo seg på hæljarna med nevane. Alfred Maurstad spelte Fanitullen og lot seg imponere av ålfotaren. foto: privat 

 

– Opplæring fanst ikkje. Det var rett på sak. Fyrst bygde vi veg frå Lunden og innover til tunnellinnslaget. Då kom eg i lag med to eldre karar. Vel, eldre, dei var på sitt beste då, Valdemar Vik og Kristen Sande. Dei hadde knapt tid å ete, dei stod med boremaskina og åt nista. Kristen Sande var som ein bulldosar, for fram med fyllhammer og trog.

Ottar minnest at dagane var så strevsame at når dei gjekk i land frå båten heime i støda, så hadde dei knapt krefter å komme seg oppatt i garden.

Ottar hamna inn i fjellet, med strossing av stasjonen. Utan haudelampe, vernesko og hjelm. Boremaskin var eit nytt verkty.

Når har fortel om dette no, er han forundra over den mangel på vern og sikring av arbeidarane som då var.

– Det gjekk av og til på skeive. Salvene vart utløyste med luntetenning. Ei kontrollunte som vi snitta i, gav ein viss kontroll på når fyrste gubben gjekk av. Så kom dei med vatn, så slokna det, så skulle dei lyse med lommelykt, så var dei nervøse alle mann og det enda med at alle sprang. Ein gong hugsa eg salva gjekk så steinspruten stod i veggjen. Der var heldigvis ein vinkel på tunnelen, der stod vi bak og fekk ingen skade. Fleire gonger var det dramatisk.

Reiste frå familien

Ottar manar fram ein atmosfære i sann cowboystil i anleggdrifta, frå ei tid då sikring og arbeidsvern var ukjende ord, ikkje oppfunne.

– Ein mann omkom ved utkøyring av stein. Eit lokomotiv drog steinvaggene ut av fjellet der dei vart tippa i sjøen. Ein gong gjekk det gale med han som køyrde. Han fylgde med lasset og hamna i havet. Då vi kom ut, såg vi han liggje under «lokken». Vi kunne ingenting gjere.

Ottar dveler ved tap av kameratar, sterke og vonde minne kjem opp.

– Svinn i anleggsperioden var antyda på fyrste oppmøte. Leiarane for arbeidsstokken antyda at på eit slikt anlegg var det pårekneleg med ein til tre mann som miste livet, fortel han.

Slik gjekk det også under arbeidet med kraftstasjonen i Yksnelvane. To mann frå Ålfoten gjekk inn i tunnelen under arbeidet med gjennomslaget til Yksnelv-vatnet. Dei kom aldri ut att i live. Gass var årsaka. Dermed var to vener og arbeidskameratar vekke for alltid.

Ottar treivst likevel med tunnelarbeid. Kraftstasjonen i Lunden stod ferdig i 1956, og to av kameratane hadde reist til Canada på anleggsdrift, Anders Sande og Ottar sin bror Audun. Dei skreiv heim og let vel til Ottar at der var gode penge å tene.

spelte opp: Her er det musikalsk samling i hagen til Oskar Myklebust, truleg i 1943. Jorunn med gitar, Oskar med fiolin, Brite med fiolin og Ottar med trekkspel, og med hunden Friggen som publikum. foto: privat 

 

Trongen for å prøve noko nytt, eit nytt eventyr, fekk overtaket. Så i 1956 reiste Ottar til Canada på anleggsdrift der. Han hadde då stifta familie i 1952.

– Anders og Audun skreiv brev heim og sa dei tente gode penger. På den tid hadde eg bygd eit grisehus på heimegarden med plass til 60 slaktegriser. Det vart det imidlertid lite pengar av. Så eg avslutta. Deretter kjøpte eg 400 høns og laga til verpekasse. Styret med desse overlet eg til foreldra mine og kona mi. Tanken var at dette skulle dei klare seg med når eg var vekke. Jenta vår, May-Helene, var fem år då eg reiste over.

– I Canada møtte eg kameratane og kom i arbeid. Det var same arbeidet som vi var vande med frå Yksnelvane, fjellsprenging. Vi sprengde ut fjell for Highway Construction. Store område vart sprengde i ei salve. Deretter måtte vi renske. Eg sette mi ære i å vise kva eg kunne. Heime i Yksnelvane hadde eg skote mykje, så eg hadde røynsle med det. Vi hadde arbeid fram til jul, då var det stopp fram til påske. Arbeidarane vart oppsagde.

Fekk jobb i urangruve

Mange anlegg tok pause midtvinters, slik som det firmaet Ottar arbeidde i. Han fekk høyre at lenger nord i Saskatchewan var der drift i urangruvene heile vintren. Ålfotaren var åleine, stod fritt, og såg etter nye jaktmarker for dollar. Og for dei som ikkje måtte ta omsyn til familie, var det ope for å reise dit arbeidet var. Ottar sette seg i bilen, kryssa prærien og kom til Calgary. Der parkerte han og sette seg på eit fly nordover. Etter to timar i lufta landa han i Uranium City.

I dette området var det tretten urangruver, store hallar vart utsprengde inne i fjellet. Der fekk ålfotaren arbeid, med slikt han kunne frå før.

– Steinen vart melen til fint mjøl før dei tok ut uranen. Deretter fylte vi massa til bake i gruvene, fortel Ottar.

– Eg er glad oppholdet i urangruvene ikkje varte lenger enn det gjorde. Uran er radioaktivt og har sin verknad på kroppen. Mange av dei som arbeidde der fekk kreft og døydde. Eg var der berre nokre månader, for eg skulle heim i bryllaup til bror min.

Like før Ottar skulle reise heim gjekk han på casino og spelte. Det var veldig strengt opplegg.

– Vi måtte melde oss inn for å vere med. Ein kar sat i eit eige rom og styrte potten som kunne vere heilt opptil 60.000 dollar. Dette var veldig spennande, og det måtte eg prøve, veit du. Og så er det no gjerne slik at ein stimar seg litt opp før ein satsar.

På kort tid tapte han 7.500 kroner, noko som var svært mykje penger på den tida.

– Siste dagen eg var ved gruvene, gjekk eg ikkje ned att på arbeid, men på casino. Der vann eg att nesten heile beløpet eg hadde tapt. Då var eg glad, altså!

– Bilen og trekkspelet sette eg att i Edmonton. Eg kan hugse eg hadde 40.000 dollar då eg gjekk på flyet. Dei la eg i ei veske, den passa eg på som ein smed under reisa heim.

Då Ottar veksla inn dollaren her heime, fekk han mindre for den enn om han hadde sendt pengane gjennom bank.

– Når eg tenkjer tilbake på desse to åra i Canada, vekke frå kona og dottera, så var det galskap alt i hop, seier han no.

Satsa på revefarm

Vel heime i Ålfoten tok han amerikapengane og reiste på Sandane og kjøpte mange blårevtisper, seinare også platina, hos Ola Dagfinn Årdal. Ein geskjeft som gjekk opp og ned.

Seinare tok Ottar arbeid i Betongmast som reiste mastrer i Myklebustdalen. Deretter starta anleggdrift i Åskora kring 20 år etter Yksnelvane.

På desse åra hadde arbeidsvilkåra endra seg radikalt. Verneutstyr og sikringrutiner var pålagt. Arbeidarane skulle skjermast frå ulukke. Så vart heller ingen alvorkeg skada under denne anleggstida.

Gode tider for pelsdyroppdrettarane i Gloppen inspirerte Ottar. Han og faren starta opp med rev. Fyrste året hausta dei frå toppen i denne næringa. Deretter unnabakke i mange år. Likevel dreiv dei – ofte med tap – i mange år. På 80-talet kom laksenæringa og lokka med gode prisar. Ottar var med og starta smoltanlegg i Ålfoten som framleis er i drift

Avsluttande kommentar

Undervegs i arbeidet med denne reportasjen ringjer telefonen. Det er Ottar som er på tråden:

«Eg ville gjerne høyre kor det går det går med dette stykkjet du skriv om meg», seier ålfotaren.

«Eg ville setje pris på om du får det ferdig medan eg er i live. Eg kan fare ka tid so helst.»

Greit og klårt språk! Eg ser over, flytter på nokre avsnitt. Stryk litt hist og her.

Så, dagen etter telefonsamtalen, er reportasjen klar for «den siste olje» frå Ottar sjølv. Ein kar eg har snakka med i kring 40 år. Og som har gitt meg ein glytt inn i det fantastiske livet han har levd. For eit liv, for eit eventyr!

Tema