Ferietips i Norges vakraste region

I sommar er det fleire spektakulære strender du kan besøke

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Sonja Høivik

Tema

Både Grotlesanden ved bygda Grotle i ytre Bremanger og Vetvika, som ein ser på bildet, er fantastiske både i finvêr og elles. Silkemjuk, kvit sand pregar begge strender.

Medan det er bilveg til Grotlesanden er Vetvika noko meir utigjengelieg, og ein kjem seg dit enten med båt eller til fots over fjellet. Om ein kjem med båt til strendene, må ein ankre opp lenger ute og ro inn.

Frå Grotlesanden er det heller ikkje langt til Iglandsvik Marina to kilometer unna.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.