Ferietips i Norges vakraste region

Her får du utsikt til førsteklasses mat

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.   Foto: Kristina L. Myrseth

Tema

Norges vestlegaste fjellplatå finn ein på Vestkapp. Her får ein panoramautsikt til Stadhavet og både Vestland og Møre og Romsdal fylke. Opplev elementa i både strålande sommarvêr eller med full storm på Stad.

500 meter over havet finn ein også Vestkapp restaurant. Dei kjem til å ha ope heile sommarsesongen. Her kan ein altså nyte utsikta til god mat. I restauranten er det også kunst på veggane av Thomas Bickhardt

Inne er det servering av heimelaga lunsj og middag med lokale råvarer. Ute er det matvogn med blant anna is, vaflar og kaker.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.