Ferietips i Norges vakraste region

Besøk den nyrestaurerte steinkyrkja

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Gry Seim

Tema

Øya Kinn ligg i havgapet vest for Florø. Her ligg Kinnakyrkja, ei steinkyrkje bygd i romansk stil som truleg er frå 1100-talet. Kyrkja er dermed den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord.

Det årlege og kjende Kinnaspelet blir framført på øya, men som i 2020 er det også avlyst i 2021 grunna koronaviruset. Men øya er likevel verdt ein tur.

På Kinn er det overnattingsmoglegheiter, og ein kan reise til øya med rutebåt frå Florø. Ein kan også gå tur til den særeigne fjellformasjonen Kinnaklova, der det er flott utsikt.

I sommar tilbyr Visit Fjordkysten pilegrimscruise til Kinn og Svanøy.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.