Tema

torsdag 23.12 2021

Småbarnsmødre i ytre forstår ikkje ambulansekuttet: – Vi føler oss mindre verdt

– Det er heilt håplaust rett og slett, seier Therese Hauge.

tirsdag 14.12 2021

Fekk med seg stortingsbenken på å kjempe mot kutt i ambulansetenesta

Måndag hadde representantar frå Bremanger kommune og Askvoll kommune møte med stortingsbenken frå Sogn og Fjordane om kutt i ambulansetenesta. No har dei lagt ein plan for vegen vidare.

onsdag 08.12 2021

Søker råd frå stortingsbenken i ambulansesaka

25. november vedtok styret i Helse Førde å erstatte ambulansebil med båt i ytre Bremanger frå og med neste år. Innbyggjarane er uroa for konsekvensane dette vil få og skal rådføre seg med stortingsrepresentantane frå det gamle fylket.

torsdag 25.11 2021

«Vi kan ikkje godta dette skambodet frå styret i Helse Førde»

No begynner ambulansediskusjonen i Helse Førde

Helse Førde sitt styre behandlar i dag saka om ambulanseordning i ytre Bremanger som del av helseføretaket sitt forslag til ny prehospital plan. Fjordenes Tidende er sjølvsagt til stades i møterommet på Sunnfjord hotell.

onsdag 24.11 2021

– Det er tvilsomt om dialog og evaluering er godt nok for folket i ytre Bremanger

fredag 19.11 2021

Held fast på tilrådinga – vil kutte ambulansebil i Ytre Bremanger og erstatte med båt

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, held på løysingane han tidlegare har fronta i saka om preshospital plan, som skal behandlast av styret kommande veke.

torsdag 07.10 2021

Ambulansesaka:

Kan ikkje stille seg bak Helse Førde si tilråding og ber om ny vurdering

Torsdag vart ambulansesaka teke opp i kommunestyret i Bremanger. Konklusjonen vart at kommunen ikkje kan stille seg bak tilrådinga frå helseføretaket.

«Barnefamiliar og ambulansekutt: Minutta var ikkje mange, men dei var likevel svært lange»

søndag 19.09 2021

«Vi har allerede bedt Fylkeslegen om snarest å gripe inn»

lørdag 18.09 2021

Meiner ein må påverke eigen kommune i ambulansesaka

– Stå på folkens. Prøv å påverke folka våre i kommunen slik at dei skjønar kor viktig denne saka er.

fredag 17.09 2021

Ambulansestriden

– Kvifor skal ein kutte noko i Bremanger som er obligatorisk i Måløy og Florø

– Ein kan snakke om likestilling og likeverd, og lure på kva det er dei styrer med. Det verkar som dei driv meir med nedbryting enn oppbygging, sa Jan Andrè Bolset frå Kalvåg, som heldt appell på markeringa for ambulansen i ytre Bremanger.

– Vi vert redde når dei vil ta vekk ambulansen

– Ambulansen er nødvendig. Du ser kor viktig ambulansen er for oss alle saman, seier Ane Jørgine Frøyen, etter å ha høyrt appellane ved den eine ambulansemarkeringa som var i Kalvåg.

torsdag 16.09 2021

Småbarnsforeldre om ambulansekuttet: – Drygt å sette ein prislapp på sikkerheita til innbyggarane

– Det mest opprørande er at Helse Førde går med stort overskot og at kostnaden med ambulansebilen er to millionar kroner, seier Marius Valaker Frøyen.

400 møtte på ambulansemarkering: Det er eit enormt engasjement for denne saka

– Eg er utruleg stolt og rørt over å sjå kor mange som har møtt opp her i dag. Vi er rundt 170, og det var 200 i Bremanger. Det viser at vi nærmar oss 400 menneske som har vist si misnøye med framlegget til Helse Førde, sa Ann Irene Myrheim på folkemøtet i Kalvåg mot nedlegging av ambulansen for ytre Bremanger.

onsdag 15.09 2021

Samlast for å protestere mot endringar i akuttberedskapen

Onsdag blir det arrangert folkemøte både på Hauge og i Kalvåg i ytre Bremanger for å protestere mot endringane i beredskapen.

Vil ha både ambulansebåt og -bil: – Vi må ha rett på å ha ei skikkeleg teneste til liks med alle andre

Svein Olav Nøttingnes, som har vore skyss- og ambulansebåtførar, meiner at ein treng både ambulansebåt og ambulansebil i Kinn og Bremanger.