Tema

fredag 31.12 2021

Klart fleire ambulanseoppdrag no enn før koronaen – også i Helse Førde

I 2021 har ambulansetenesta merka at mange utsette å gjere noko med helseplagene sine i fjor. Det har òg vore klart fleire akuttoppdrag enn i 2019.

fredag 03.12 2021

Når ikkje måla for responstid med ambulanse – Helse Vest verst

Ingen av helseregionane i landet når måla om responstid med ambulansen, melder Helsedirektoratet i ei pressemelding.

torsdag 25.11 2021

«Vi kan ikkje godta dette skambodet frå styret i Helse Førde»

No begynner ambulansediskusjonen i Helse Førde

Helse Førde sitt styre behandlar i dag saka om ambulanseordning i ytre Bremanger som del av helseføretaket sitt forslag til ny prehospital plan. Fjordenes Tidende er sjølvsagt til stades i møterommet på Sunnfjord hotell.

onsdag 24.11 2021

– Det er tvilsomt om dialog og evaluering er godt nok for folket i ytre Bremanger

mandag 22.11 2021

Fem ambulansestasjonar får maskiner til hjartekompresjon. To av dei er lokale

Fem ambulansestasjonar i Helse Førde har fått hjartekompresjonsmaskiner. – Dette utstyret gjer at  ambulansearbeidarane kan utføre betre avansert hjarte- og lungeredning, seier opplæringsansvarleg i ambulansetenesta, Per-Erik Eide Hjelle.

fredag 19.11 2021

Held fast på tilrådinga – vil kutte ambulansebil i Ytre Bremanger og erstatte med båt

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, held på løysingane han tidlegare har fronta i saka om preshospital plan, som skal behandlast av styret kommande veke.

lørdag 06.11 2021

– Damene i sanitetsforeininga fortener all ros for innsatsen med å få bygd landingsplass

onsdag 27.10 2021

– Om ein vil at folk skal bu i heile landet, må styresmaktene ta rekninga for at folk skal kunne gjere nettopp det

fredag 22.10 2021

Har mottatt 40 høyringsuttalar. Men treng meir tid på å ta ambulanseavgjerda

Helse Førde har motteke om lag 40 høyringsuttalar til framlegga i prehospital plan. Kring halvparten er frå ulike aktørar og privatpersonar i Bremanger. No varslar administrerande direktør Arve Varden at Helse Førde treng litt lenger tid enn planlagt før styret kan gjere endeleg vedtak i saka. 

tirsdag 12.10 2021

– Kostnadane med ambulansetenester skal ikkje veltast over på private eller kommunar

Kvinne- og familieforbundet i Sogn og Fjordane er uroa over endringar i ambulansetenesta i Helse Førde, altså det som kallast ny prehospital plan.

lørdag 18.09 2021

Meiner ein må påverke eigen kommune i ambulansesaka

– Stå på folkens. Prøv å påverke folka våre i kommunen slik at dei skjønar kor viktig denne saka er.

fredag 17.09 2021

– Vi vert redde når dei vil ta vekk ambulansen

– Ambulansen er nødvendig. Du ser kor viktig ambulansen er for oss alle saman, seier Ane Jørgine Frøyen, etter å ha høyrt appellane ved den eine ambulansemarkeringa som var i Kalvåg.

torsdag 16.09 2021

Småbarnsforeldre om ambulansekuttet: – Drygt å sette ein prislapp på sikkerheita til innbyggarane

– Det mest opprørande er at Helse Førde går med stort overskot og at kostnaden med ambulansebilen er to millionar kroner, seier Marius Valaker Frøyen.

400 møtte på ambulansemarkering: Det er eit enormt engasjement for denne saka

– Eg er utruleg stolt og rørt over å sjå kor mange som har møtt opp her i dag. Vi er rundt 170, og det var 200 i Bremanger. Det viser at vi nærmar oss 400 menneske som har vist si misnøye med framlegget til Helse Førde, sa Ann Irene Myrheim på folkemøtet i Kalvåg mot nedlegging av ambulansen for ytre Bremanger.

onsdag 15.09 2021

Samlast for å protestere mot endringar i akuttberedskapen

Onsdag blir det arrangert folkemøte både på Hauge og i Kalvåg i ytre Bremanger for å protestere mot endringane i beredskapen.

onsdag 08.09 2021

«Legg forslaget i ei skuff, og la ambulansetenesta i ytre Bremanger vere som den er i dag»

«Som skattebetalarar krev vi at Helse Førde tek ansvar og sørger for at vi har like god beredskap som resten av fylket»

lørdag 04.09 2021

Ambulansekuttet: – Vi jobbar for den beste og tryggaste beredskapen vi kan få

– Vi gjer alt vi kan for at Bremanger skal få ein god og trygg beredskap i framtida. Og får vi ikkje det, så må vi protestere, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).

fredag 11.06 2021

Sanitetskvinnene vil byggje helikopterplass i Bremanger torvanger

Bremanger Sanitetsforening har brukt koronaepidemien til planleggingsarbeid av ein helikopterlandingsplass i bygda.

lørdag 01.05 2021

Nye reglar for responstid stoppar ikkje Helse Førde

Helse Førde ser ikkje grunnlag for å stoppe prosjektarbeidet med einmannsbetjent ambulanse i ytre Bremanger.

torsdag 22.04 2021

– Vi har låge smittetal, få dødsfall og få alvorleg sjuke. Men vi må likevel lære av beredskapskritikken

onsdag 21.04 2021

Nye krav om responstid kan påvirke planene om enmannsbetjent ambulansestasjon

Bremanger kommune ber Helse Førde sette på vent arbeidet med etablering av einmannsbetjent ambulanse i ytre del Bremanger.