Tema

fredag 18.09 2020

Avkreftar at arbeidet med ny barneskule har stoppa opp: – Vi følgjer den framdrifta som er lagt

Kommunedirektør Terje Heggheim føler behov for å kommentere saker som har vore i mediene og rykter som har gått på sosiale medium som kan tolkast som om det er stopp i framdrifta for Skram skole. I sitt fredagsbrev avkreftar han dette.

fredag 28.08 2020

Kommunedirektøren bekreftar: varaordføraren får tilbake sin gamle jobb

Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) kan gå tilbake til jobben ho hadde før ho blei innsett som varaordførar i Kinn kommune.

fredag 05.06 2020

Rosar brann- og redningsmannskapa sin innsats etter den dramatiske pinsehelga

Det som var ei roleg langhelg for nokre, ble ei krevjande og dramatisk pinse for andre med to ulukker som førte til dødsfall, peikar kommunedirektør Terje Heggheim på i sitt fredagsbrev. No rosar han mannskapet i Kinn brann og redning for innsatsen.

fredag 29.05 2020

Ber ordførar og kommunedirektør svare på kva som skjer med avvik på omsorgssenter, brannstasjonar og skular

Kontrollutvalet i Kinn kommune har stilt fleire spørsmål til ordførar og kommunedirektør som dei ønskjer svar på i sitt møte 17. juni. Spørsmåla er knytt til rapportar frå Arbeidstilsynet om avvik, manglande oppfølging på spørsmål frå publikum og sletting av postlister.  

lørdag 04.04 2020

Legg planar for investering i gryteklare prosjekt

Kommunane har fått signal om at regjeringa vil kome med midlar som kommunane kan nytte til investeringar. No har Kinn kommune lokalisert ein god del gryteklare prosjekt, og vil legge desse fram for politikarane ved neste høve for å få tilslutning.

fredag 03.04 2020

20 har meldt inn behov til frivilligtelefonen, og det er mest folk frå byane som ringer

Kinn kommune har etablert ein del telefonnummer for folk som enten treng hjelp til praktiske gjeremål eller nokon å snakke med. Rådmannen melder om større bruk av tilbodet i Florø-området enn i Måløy.

søndag 29.03 2020

Rådmannen: – Det burde vore prioritert høgare

Meiner folk utset seg for koronasmitte på grunn av dårleg breiband, krev hastetiltak

I eit brev til rådmann, ordførar og formannskap peikar Kinn Sp på at koronasituasjon akutt beviser at folk i kommunen ikkje har godt nok breiband eller nettilgang. Torgunn Eikevik meiner det er så dårleg at det skapar farlege situasjonar der folk utset seg sjølve for mogleg smitte.

mandag 09.03 2020

– Vekk med tittelen rådmann

Gruppeleder for Kinn Venstre, Jacob Nødseth, ønsker at man går bort fra tittelen «rådmann» som betegnelse for kommunens øverste leder også i Kinn kommune.

Har fått 24 søkarar til to planleggarstillingar

Kinn kommune har hatt utlysing på to planleggarstillingar. 24 søkarar har meldt si interesse.

fredag 28.02 2020

– Vi hadde neppe funne oss i dette om det var ein privat aktør, så her må kommunen rydde opp

Rådmann Terje Heggheim i Kinn kommune er klar på at kommunen må rydde opp i saka der dei har starta arbeidet med ei stor fylling før fylkesmannen hadde godkjent tiltaket.

fredag 14.02 2020

Krev gransking av pengebruken

terje heggheim

Kinn kommune må spare fleire titals millionar på få år, men i prosessen fram mot den nye kommunen la kommunetoppane att to millionar i Kalvåg.

Diskuterte meir politisk styring i investeringsprosjekt

Ville redusere rådmannen sine fullmakter til å investere på vegner av kommunen

Då formannskapet i Kinn diskuterte graden av politisk involvering i investeringsprosjekta i kommunen, var det Senterpartiet sitt forslag å ta rådmannen sine fullmakter for investeringsprosjekt med ei brutto investeringsramme på inntil 10 millionar ned til ei ramme på inntil 3 millionar.