Tema

onsdag 18.08 2021

Det er ein ny nærkontakt som er smitta

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

søndag 08.08 2021

Smitten spreier seg: – Dei to nye smitta i kveld er ikkje relatert til tidlegare smitte

To nye personar er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, opplyse Stad kommune søndag kveld.

onsdag 02.06 2021

Neste veke får alle i aldersgruppa 55-64 i denne kommunen moglegheit til å bestille vaksinetime

– Frå neste veke av tek vi til med tilbod om koronavaksine til personar i prioriteringsgruppe 8, det vil seie folk flest i aldersgruppa 55-64 år, opplyser kommuneoverlege i Stad kommune, Thomas Vingen Vedeld.

torsdag 13.05 2021

Éin ny person smitta, men var allereie i karantene

Onsdag ettermiddag vart 27 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid. Torsdag kveld har ein fått svar på alle prøvene.

onsdag 12.05 2021

Har testa seg ut av karantene. Alle prøvesvar negative etter andre gongs testing

Alle prøvesvar er negative etter andre gongs testing av trinn 3-8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og klasse 7B ved Nordfjordeid skule, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune.

tirsdag 11.05 2021

Ingen nye smitta så langt etter omfattande testing søndag – skuleklassar er framleis i karantene

Det er ikkje kome nye smittetilfelle etter at 106 personane vart testa søndag. Skuleklasse 1A og 1B er framleis i karantene.

lørdag 08.05 2021

Tre nye personar smitta med covid-19, blant dei barnehagebarn

Prøvesvar frå PCR-testing på Nordfjordeid fredag syner at éin ny person har testa positivt for covid-19. Laurdag har også hurtigtestar vist at ytterlegare to personar i denne husstanden er smitta.

torsdag 06.05 2021

Ein ny person i Stad har testa positivt på covid-19. Den smitta går på barneskulen

Ein ny person i Stad kommune er smitta av covid-19, viser svar på testar onsdag. Den smitta er ein elev i sjuande klasse på Eid barneskule.

mandag 03.05 2021

I Stad legg dei no om rutinene for bestilling av vaksinasjon

I Stad kommune er dei i rute etter det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Men no må folk bestille time sjølve via link på melding frå kommunen.

torsdag 29.04 2021

Ny person i isolasjon etter nærkontakt med smitta

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, melder kommunen torsdag kveld.

tirsdag 27.04 2021

Ein person har testa positivt i Stad etter kontakt med smitte i Ålesundvingen vevdeld

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.

onsdag 21.04 2021

Smitten har ikkje nådd nabokommunen trass i at smitta elev gjekk på danseøving

Onsdag kveld har ein fått svar på alle covid-19-prøver tekne i Stad kommune tysdag. Alle dei 36 prøvesvara var negative.

tirsdag 23.03 2021

Stenger ny barnehage på grunn av smitte

Ny smitte fordeler seg mellom Nordfjordeid, Selje og Stadlandet, men alle sju har vore i karantene

Til saman er det tysdag påvist sju nye smittetilfelle i Stad-utbrotet. Alle dei smitta er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta og alle har vore i karantene.

Har gjort ny risikovurdering. Sjå kva råd og tiltak kommuneoverlegen anbefalar framover

– På Nordfjordeid har ein no over fleire veker kartlagt smittesituasjonen i samband med utbrotet. Ein har ikkje funne smittetilfelle som ein ikkje kan kople til andre kjende tilfelle, og det er ikkje grunn til å tru at ein har vesentleg grad av «fri» smitte i lokalmiljøet. I Selje er det noko uavklart, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

tirsdag 16.03 2021
1

Har jobba 16-18 timar i døgnet den siste tida: – Akkurat under eit utbrot er det ein krevjande situasjon å stå i

Smittevernlege Thomas Vingen Vedeld har jobba 16-18 timar for dag etter at det det muterte koronaviruset spreidde seg på Nordfjordeid. Han har tru på at ein snart kan ha lukkast med å stogge utbrotet.

mandag 16.03 2020

Har framleis ingen smittetilfelle i kommunen

Sjå kommuneoverlegen og ordføraren orientere om koronasituasjonen

Kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, og Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) orienterte om koronasituasjonen i kommunen søndag ettermiddag.